Ortoped Mona Badawy inspiserer kneet til sin tidlegare pasient Astrid Heggland. - Du har vore heldig. Ikkje alle kneopererte vert så bra, seier Mona.
Ortoped Mona Badawy inspiserer kneet til sin tidlegare pasient Astrid Heggland. - Du har vore heldig. Ikkje alle kneopererte vert så bra, seier Mona.

Kysten feirar 125 år: Med kniven som vitne

Ved lunsjtider ein vanleg mandag har Mona Badawy (49) alt operert tre kne.

– Heldigvis er dei fleste kne ganske like. Berre nokre få er så spesielle at ein må planleggja inngrepet ekstra godt, smiler Mona Badawy.

Ortopeden er ein av tre kvinnelege overlegar på Kysthospitalet. Imponerande når berre om lag 10 prosent av ortopedane på landsplan er kvinner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vert heldigvis stadig fleire av oss, seier sjukehussjef/avdelingsoverlege Kari Indrekvam.

Ho er stolt av å ha heva kvinneandelen på Kysthospitalet.

– Om to søkjarar står heilt likt, så er det fint å kunna velja ein kvinneleg lege. Det vert ein annan tone i kollegiet når begge kjønn er representerte, smiler ho.

Mona er fagansvarleg for kne. Eit tema ho til og med har teke doktorgrad på.

– For meg er det viktig å bli så god som mogleg på det eg driv med. Det får eg høve til her, smiler ho.

Ingen #metoo

Mona «fekk smaken» på Kysthospitalet då ho hadde sommarjobb her i 1992.

Tilliten og omsorgen frå den legendariske overlegen Ole Dankert Lunde, gjorde den aller fyrste legejobben til ei god oppleving.

– Han var ein utruleg god leiar som fekk fram det beste i oss, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lunde var ein motsats til «Gutteklubben Grei»-haldninga som framleis prega deler av legemiljøet.

– Han var ein motsats til alt som handlar om #metoo, seier Mona varmt.

Kan endeleg dansa igjen

For to år sidan fekk osingen Astrid Heggland nytt kne under Monas stødige hand på Kysthospitalet. Ein kikholsoperasjon og fem dagar på sjukehus var det som skulle til.

Idag kan ho dansa og gå tur utan det minste vondt.

– Så kjekt å høyra at det går bra med deg, seier Mona.

Astrid smiler og bøyer og tøyer på venstrefoten.

– Det er ikkje alle kneopererte som vert 100 prosent bra, så dette var flott å sjå, seier Mona.

Avsidesliggande

49-åringen, som har forska på kneoperasjonar, fann bevis for at dess fleire operasjonar eit sjukehus utfører, dess betre vert resultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ved det avsidesliggande Kysthospitalet er kompetansen høg. Hit kjem det jamnleg utanlandske ekspertar for å læra og læra bort. Og eigne tilsette er flittige deltakarar på kurs og studieopphald.

– Vi arbeider heile tida for å laga betre rutinar og utvikla oss fagleg. Det er stimulerande for oss som legar, men ikkje minst kjem det pasientane til gode, seier Mona.

anne-marie@osogfusa.no