Nils-Anders Nøttseter (MDG) meiner det er små endringar det er snakk om, og at ein difor trygt kan leggja KLEM-planen på høyring.
Nils-Anders Nøttseter (MDG) meiner det er små endringar det er snakk om, og at ein difor trygt kan leggja KLEM-planen på høyring.

– Det er ikkje ofte eg røystar for noko som vert skildra som ein udemokratisk prosess. Det gjer eg i dag

Nils-Anders Nøttseter (MDG) og Glenn Erik Haugland (V) ba om at KLEM-planen vart lagt på høyring. Sjølv om han ikkje var 100 prosent ferdig.

Både i kommunestyremøtet 18. juni, og i formannskapsmøtet 21. juni, spurte Nils-Anders Nøttseter (MDG) om kvifor Klima-, energi- og miljøplanen (KLEM) til Os kommune ikkje stod på sakskartet.

I formannskapsmøtet føreslo til og med Glenn Erik Haugland (V) at han vart løfta inn på sakskartet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er blant dei som meiner at vi lever i ei tid med krise for klimaet. Eg meiner vi ikkje har ikkje tid til å venta. Eg vil ha saka på sakskartet i dag, sa V-politikaren.

Arealplanen har vore førstepri

KLEM-planen skulle opphaveleg ha blitt lagt ut på høyring i februar. Den gongen meinte Frp og H at planen var blitt for omfattande, og det vart konkludert med at ein skulle kalla styringsgruppa inn til eit ekstra arbeidsmøte.

Arbeidsmøtet er avholdt, men endringane er ikkje lagt inn i planen.

– Vi lever i ei tid med krise. Vi har ikkje tid til å venta lenger, meinte Glenn Erik Haugland (V).
– Vi lever i ei tid med krise. Vi har ikkje tid til å venta lenger, meinte Glenn Erik Haugland (V).

– Frå midten av mai og fram til no har alle ressursar i planavdelinga gått med til å få kommuneplanen sin arealplan ut på høyring. I tillegg har det vore noko fråvær slik at vi ikkje har hatt tilgang på den kompetansen det har vore trong for, sa rådmann Christian F. Fotland om kvifor planen ikkje er ferdig enno.

– Men eg håpar og trur at alt skal vera klart til første møte etter ferien, la han til.

Store eller små endringar?

Nøttseter støtta Haugland. MDG-politikaren peika på at endringane det er snakk om, er av mindre omfang, og at det difor fint går an å leggja planen på høyring utan desse endringane.

– Det har gått lang tid. Eg veit til dømes at Lyseparken ventar på at planen skal verta ferdig, sa Nøttseter.

Marie Lunde Bruarøy (H) var av ei anna oppfatning. Ho karakteriserte endringane som omfangsrike.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva tenkjer administrasjonen? Under arbeidsmøtet fekk eg inntrykk av at administrasjonen ønskte å baka inn desse endringane før dokumentet vart lagt på høyring, sa Bruarøy.

Varaordføraren meinte det var uheldig å leggja eit dokument på høyring som ein ikkje er heilt nøgd med.

– Vi skal ikkje vedta nokon plan. Vi går berre eitt steg vidare. Det er framleis tid til å gjera endringar, kontra Haugland før ordføraren gav ordet til Fotland.

– Dersom ein veit om moment som skal inn i planen, bør desse takast med før planen vert lagt på høyring. Er det større endringar som skal gjerast, risikerer vi at planen må ut på 2. gongs høyring, og då går det i alle fall tid, sa rådmannen og la til:

– Reint prosessuelt trur eg det er rett overfor dei som skal uttala seg om planen at alle elementa kjem med i første høyring, og at vi får innspel på alt. Om elementa kjem med i etterkant, kan vi får eit litt udemokratisk syn på planen, dersom det ikkje vert to høyringar, sa Fotland og rådde politikarane til å ta tida til hjelp.

Ferdig til neste møte?

Haugland gav seg ikkje.

– Kor store er desse endringane, spurte han.

– I arbeidsmøtet vart det teke opp ei rekkje spørsmål og kommentarer frå Frp og H, samt Nøttseter. Nokre fekk vi svar på i møtet. Andre var det meir usikkerheit rundt. Vi vart bedne om å senda inn endringsforslaga, og så skal administrasjonen gjera ei fagleg vurdering av endringane ut frå sin ståstad. Vidare må styringsgruppa ta stilling til plandokumentet før vi handsamar det her. Reint formelt er det ikkje tvil om at vi bør venta for å få ein korrekt saksgang, meinte ordførar Terje Søviknes (Frp).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan administrasjonen garantera at planen vert ferdig til 10. september (neste formannskapsmøte journ. mrk.), spurte Helge Steinum (Ap).

– Det er vanskeleg å garantera noko, men vi skal gjera alt vi kan for å få det til, sa Fotland.

– Mi oppfatning av arbeidsmøtet var at det var mindre endringar og korrigeringar det var snakk om. Eg er ikkje så oria for om dei er innarbeidde eller ei. Det er ikkje ofte eg røystar for noko som vert skildra som ein udemokratisk prosess, men det kjem eg til å gjera eg i dag, sa Nøttseter.

Forslaget om å setja KLEM-planen på sakskartet fekk berre to røyster, V og MDG, og vart nedstemt.

camilla.kvamme@osogfusa.no