Leitar etter 29 år gamle Alexander

29 år gamle Alexander er meldt sakna i Os.

Politiet i Hordaland går no ut med etterlysning av 29 år gamle Holsen som er sakna i Os.

Mannen vart sist sett av familien onsdag 4. oktober.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje kjent korleis mannen var kledd, men han bruker å gå med lue, blå ytterjakke, tynn strikkegensar,grå eller sort joggebukse, samt svarte eller kvite joggesko.

Søk er sett i gang

29-åringen skulle etter planen ha reist på utanlandstur måndag (i dag). I samråd med pårørande går no altså politiet ut med full etterlysning av mannen.

Han er 1,68 m høg. Har normal kroppsbygning og mørkeblondt hår.

Klokka 17.15 måndag ettermiddag vart det sett i gang søk etter mannen. I første rekkje i området rundt der han bur i nærleiken av Ulven.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no