FAU-leiar ved Kuventræ skule, Kent Ove Næss, synest behovet for eit autovern langs Industrivegen vart ekstra belyst i samband med motorsykkelulukka i påsken.
FAU-leiar ved Kuventræ skule, Kent Ove Næss, synest behovet for eit autovern langs Industrivegen vart ekstra belyst i samband med motorsykkelulukka i påsken.

Krev autovern langs Industrivegen: – Ulukka viser kor utsett skuleborn er på denne strekninga

Kent Ove Næss meiner det er horribelt at det enno ikkje er kome autovern langs fortauet i Industrivegen.

Os & Fusaposten skreiv første gong om temaet då trafikken frå Svegatjørn vart flytta til Industrivegen i samband med utbygginga av nye E39 våren 2015. Den gong etterspurde dåverande FAU-leiar Vibeke Brunn ved Kuventræ skule og forelder Sturle Svendal om ikkje eit autovern burde koma på plass for å ivareta elevar og andre gåandes tryggleik.

Kommunen lovde den gong fleire tryggingstiltak for gåande. Fotgjengerfelt over Varåsvegen er blant tiltaka som vart gjennomført. Autovern har det sidan ikkje vore snakk om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reagerte på bilete

Dagens FAU-leiar ved Kuventræ skule, Kent Ove Næss, synest autovern på dette strekket framleis er verd å kjempa for.

– Eg synest dette kom tydeleg fram då me såg bilete av lyktestolpen som brakk tvers av i samband med motorsykkelulukka i påsken. Om det hadde gått born eller andre på dette strekket nett då, kunne ulukka fått endå større konsekvensar, seier Næss.

Han ønskjer ikkje å slå mynt på den stygge ulukka, men påpeikar at slike episodar viser kor utsett dei gåande er langs denne veken.

Det er ikkje få folk som nyttar gangfeltet langs Industrivegen - elevar ved Kuventræ skule, Os vidaregåande skule, born og tilsette ved tre barnehager, folk på Vartun og i industrifelta rundt.
Det er ikkje få folk som nyttar gangfeltet langs Industrivegen - elevar ved Kuventræ skule, Os vidaregåande skule, born og tilsette ved tre barnehager, folk på Vartun og i industrifelta rundt.
Faksimile frå vår sak i mai 2015.
Faksimile frå vår sak i mai 2015.

– Det er rett nok ei lita grøft mellom vegen og fortauet, men det er altså ingenting som tek imot om ein bil eller andre køyrety fyk av vegen her. Då er det berre bingo om gåande vert råka eller ikkje, seier Næss.

Han legg til at det stadig er mykje trafikk i området.

– Det ligg ein vidaregåande skule like bortanfor her. Mange unge sjåførar køyrer til og frå, og på denne tida av året er det også mange som køyrer russebilar. Ikkje alle i denne alderen køyrer like forsikting, seier Næss.

Lita investering

FAU-leairen har sendt brev til kommunen der han etterspør sikring av vegen.

– Dette er altså ein veg som hovudtyngda av elevane ved Kuventræ skule nyttar att og fram kvar einaste vekedag, seier Næss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han minner om at det har skjedd stygge ulukker på liknande strekningar i andre kommunar. No håpar han Os kommune tek affære før det er for seint.

– Me i FAU meiner det bør setjast opp autovern heilt frå rundkøyringa ved Meny og opp til svingen og krysset ovanfor Bohus. Dette er ei lita investering for å tryggja born og andre mjuke trafikantar.

Føreslår fartsdumpar

Lena Stigen var med i FAUs trafikkutval ved Kuventræ skule for nokre år sidan. Ho synest ikkje vegen er blitt tryggare sidan dei jobba med saka i 2015.

– Den gong sa me frå om at me ønskte fartsdumpar og autovern. Autovern fekk me ei lita rekke av akkurat ved krysset ovanfor Bohus, men ikkje meir. Fartsdumpar hadde ikkje kommunen råd til, meiner Stigen å hugsa.

Ho bur sjølv i nabolaget.

– Der eg bur høyrer me bilar og motorsyklar døgnet rundt som rusar på, og langt frå alle held fartsgrensa. Eg tenkjer at fartsdumpar ville gjort det tryggare både for gåande og køyrande. Men for all del, autovern hadde også vore ønskeleg, seier Stigen.

Opp i Trafikksikkerhetsutvalet

Innspelet til FAU ved Kuventræ skule vert teke opp i Trafikksikkerhetsutvalet til Os kommune måndag 20 mai.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no