Denne ho-ormen er den første Frode Olsen har observert i Fusa i år.
Denne ho-ormen er den første Frode Olsen har observert i Fusa i år.

Trefte årets første Fusa-hoggorm

– Eg kunne ha pirka i ho for å få eit betre bilete, men det har ikkje noko føre seg, seier Frode Olsen.

Frode Olsen bur på Vinnes og er interessert i alt av dyr.

– Har eg tid, så er eg ute. Eg tok meg ein runde torsdag for å sjå om eg såg hoggorm. Då fann eg ein ung ho-orm. Eg har nokre plassar i nærleiken der eg veit dei plar vera, seier Frode Olsen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tok bilete, og kunne ha pirka i ho for å få ho til å visa betre, men det har ingen hensikt. Eg har nok av bilete av hoggorm frå tidlegare.

Olsen fortel vidare at det stadig blir færre gode «ormeplassar» i nærleiken.

– Dei må ha sol. Mange flotte solplassar blir bygd igjen fordi folk også er glade i sol.

Ute på fjorden for å telja niser

Det er ikkje berre på fritida at Olsen får jobba med dyr.

– Eg jobbar på Stend vidaregåande. Eg hadde smådyr før, men det har eg ikkje lenger. Eg er veldig interesserte i alt av dyreliv. Det er ikkje mange naboar eg har igjen, men det er no nokre få, seier han og ler.

Då Os & Fusaposten snakka med vinnesingen på telefonen, hadde han nett vore ute på fjorden for å telja niser.

– Dei plar samla seg på fjorden her på denne tida. Utan at eg heilt veit kvifor, seier han.

Dette er den første hoggorm-observasjonen Os & Fusaposten har fått kjennskap til i Fusa, men tidlegare i februartrefte Lars Sperrevik på Hoggorm i Os då han var på tur til Svartavatn. Same dag blei det observert Hoggorm ved Lyse Kloster. Eit teikn på at våren er i anmarsj.