I år kjem stiftinga Bring Children from Street, Norway til Hjartevarme-arrangementet i Os. Organisasjonen gjer ein stor innsats for å betra levekåra for born og unge i Uganda.
I år kjem stiftinga Bring Children from Street, Norway til Hjartevarme-arrangementet i Os. Organisasjonen gjer ein stor innsats for å betra levekåra for born og unge i Uganda.

Vil spreia hjartevarme og gjevarglede

Tradisjonen tru vert det Hjartevarme-arrangement i Os sentrum siste søndag før jul.

Denne søndagen står gjevargleda i sentrum og innsamling til ein velgjerande organisasjon.

I år kjem stiftinga Bring Children from Street, Norway som ved fleire høve har vore på Os og selt produkt for Uganda. Det har også vore arrangert auksjonar til inntekt for organisasjonens arbeid i det fattige landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag kjem Richard Kiwanuka som sjølv er flyktning frå Uganda. Mange kjenner han som aktiv boksar og han gjer eit stort arbeid saman med eit aktivt styre i stiftinga.

- Me håpar at mange tek seg tid i den søte juletid til å stoppa opp og gje eit bidrag til deira fantastiske arbeid blant born og unge i Uganda, seier Tove Tvedt Skarstein.

Ellers denne søndagen vert det både hjarteballongslipp, riding, kanskje litt julemusikk og sal av nissegraut.

Fakta - Stiftelsen Bring Children From Streets, Norway

Etablert på initiativ fra Richard Kiwanuka

Hovudkontor i Bergen

Målet er å støtta arbeidet til Bring Children From Streets, Uganda i form av:

• Økonomisk støtte til Nsumba barnehjem, opprusting og vedlikehald

• Etablera barnebyen JaJa Nsumba B. Children Village.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Stimulera til anna utviklingsarbeid bl.a. gjennom bruk av idrett

jostein@osogfusa.no