For tidleg å seia noko om brannårsaka
Politiet undersøkjer kva som gjorde at ein einebustad i Hegglandsdalen tok fyr torsdag ettermiddag.
Like før klokka 13.30 torsdag, fekk brannvesenet i Os melding om brann i eit bustadhus som ligg tett inntil skog i Hegglandsdalen. Etter lang tids tørke og strålande sommarvêr var brannvesenet uroa for at det skulle ta fyr i skogen bak huset som brenn. Litt etter klokka 14.00 kunne varabrannsjef Arne Monsen fortelja at dei hadde kontroll. Politiet vil i tida framover undersøkja årsaka til at brannen starta.
– Det er for tidleg å seia noko om årsaka. Det vil vi bli gjort undersøkingar, og det vil nok bli avdekkja, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mann meldt for køyring utan sertifikat
Kort tid før brannen starta, blei ein pensjonist stansa av utrykkingspolitiet i Hegglandsdalen.
– Føraren køyrde utan gyldig førarkort. Det er ikkje første gong. Han blir meldt for dette, seier Hadler-Olsen.