Søkjer etter ny rektor på Nore Neset ungdomsskule
Os kommune søkjer etter ny rektor ved Nore Neset ungdomsskule, og ser etter ein kandidat som vil halda fram med å utvikla skulen «som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon».
Søknadsfristen er sett til 9. april.
Ungdomsskulen vil i skuleåret 2018/2019 ha om lag 410 elevar.
Artikkelen held fram under annonsen.
I utlysingsteksten vert prosjekt Betre Læringsresultat løfta fram som ei viktig satsing, der ein tek i bruk forskingsbaserte metodar for å avdekka kva som bidreg til eit godt læringsmijlø, korleis born og unge opplever meistring og korleis dei kan nå sitt læringspotensial.
jostein@osogfusa.no