- Eg meiner at vi likevel bør støtta rådmannen sitt forslag om å vidareføra nokre av tenestene i BRB, og at vi legg vekk forslaget til Svein Lang, sa Lang i formannskapet.
- Eg meiner at vi likevel bør støtta rådmannen sitt forslag om å vidareføra nokre av tenestene i BRB, og at vi legg vekk forslaget til Svein Lang, sa Lang i formannskapet.

Møtte seg sjølv i døra

I formannskapet tok Svein Lang til orde for at Fusa kommune burde melda seg ut av Business Region Bergen. I kommunestyret vedgjekk han at han hadde møtt seg sjølv i døra.

- Eg meiner at vi likevel bør støtta rådmannen sitt forslag om å vidareføra nokre av tenestene i BRB, og at vi legg vekk forslaget til Svein Lang, sa Lang.

William Lindborg (Ap) fortalte at medlemskapen hadde vore diskutert i Ap, og at partiet ser på det som viktig at Fusa kommune er klar til å ta i mot ny næring. Mikal Leigland (Sp) derimot poengerte at han aldri hadde sett at råd frå aktørar som BRB hadde ført til "noko som helst i næringslivet".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kan endeleg vera med og bruka desse pengane, men dei kunne vore brukt betre, meinte han.

Ordførar Atle Kvåle (Ap) peika på at for å ha nytte av tenestene som BRB står bak, må ein vera aktiv sjølv.

- Om vi er aktive og nyttar selskapet, så har det tenester å tilby oss, sa ordføraren.

Kvåle gjorde òg eit poeng ut av at Os, som har tilsett eigen næringssjef, skal halda fram samarbeidet med BRB.

- Det handlar om nettverk, sa han.

Medlemskapen kostar Fusa kommune 7 kroner per innbyggjar. Bjarte Samnøy (KrF) sa at summen i utgangspunktet ikkje er så høg, men om medlemskapen ikkje vert nytta, så er det mykje. Politikarane vart samde om ei årleg evaluering av tiltaket.

Business Region Bergen skal avviklast som felles næringsutviklingsselskap ved årsskiftet 2016/2017. Avviklinga er eit resultat av at Bergen kommune trekkjer attende deler av finansierings av selskapet frå same tidspunkt. To oppgåver vert likevel vidareførte. Det er Etablerarsenteret og Invest in Region Bergen. Desse oppgåvene skal løysast og finansierast gjennom eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og kommunane i fylket, går det fram av sakspapira til kommunestyret.