Arbeidarpartiet spurde om prosessen kring skuletomta på Hjelle har vore god nok.
Arbeidarpartiet spurde om prosessen kring skuletomta på Hjelle har vore god nok.

Stiller spørsmål ved lukka skuletomt-prosess

Hadde eit adhoc-utval mandat til å vedta plassering av skuletomt? Arbeidarpartiet er usikre på om den politiske prosessen har vore god nok.

Medan spørsmålet om kor Os ungdomsskule skulle liggja i si tid vart ei opprivande og langvarig politisk konflikt i bygda, har plasseringa av den nye skulen aust om elva vore vesentleg enklare. Rett nok har det teke tid å landa vedtaket, men sjølve vurderingane knytt til dei ulike tomte-alternativa har lege trygt gøymt frå ålmenn diskusjon i eit adhoc-utval med namnet «Styringsgruppe for skulestruktur».

Offentlegheita fekk først vita om at valet vart fatta ved at ordførar Marie Bruarøy gjekk ut i avisa i midten av mars og annonserte at ein avtale var inngått med grunneigarane om å få nytta tomta like ved Borgafjell barnehage. I plan- og bygningsutvalet førre veke etterlyste politikarane svar om den politiske prosessen som førte fram til avgjerda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterlyser svar

I politisk kvarter tok Harald Døsen (Ap) opp spørsmålet knytt til prosessen, og kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, fekk i oppgåve å svara.

— Enkelte føler at me har fått litt lite informasjon og bakgrunn i samband med plassering av skulen. Korleis har den politiske prosessen vore? Kva mandat har dette adhoc-uvalet eigentleg hatt? Det er spørsmål me stiller oss. Er det noko me kan få svar på her og no, eller må me ta dette til kommunestyret, spurde Harald Døsen.

Kommunestyret satte i 2014 ned adhoc-utvalet, først med tanke på å sjå på skulestrukturen reint generelt. Seinare vart dette spesifisert til å handla om sentrumsskulane.

Tomte-seleksjonen

Ei rekkje tomter har vore vurdert. Bjånes, Lurane og fleire tomter i Hegglandsdalen. Aina Tjosås fortalde at ein eigen konsulent vart hyrt inn og leverte sin rapport i årsskiftet 2014-15. Skinnfloren-tomta var lenge vurdert som aktuell og lite konfliktfylt, men konsulenten ville ikkje tilrå denne. Tomta låg for langt vekke frå bustadkonsentrasjon. Eit anna alternativ dukka opp då Lyssand-fabrikken vart lagt ned. Men å byggja om fabrikken til skule vart funne å vera for kostbart. Etter kvart stod dei att med tomta ved barnehagen. Problemet var at grunneigarane, som er bønder, ønskte å driva garden vidare.

— Det hadde nett vore generasjonsskifte, og dei nye drivarane ønskte å vera aktive gardbrukarar. Då blei spørsmålet om jordvern veldig aktualisert. Når det er folk som ønskjer å driva, er det ikkje kjekt å ta frå dei livsgrunnlaget, sa Tjosås.

Etter ei utgreiing vart det likevel konkludert med at tomta ved barnehagen var best egna til skule, særleg med omsyn til tilkomst og sentral plassering.

Kva låg i mandatet?

Gustav Bahus (Frp) fortalde om eit spørsmål som Gisle Hesjedal (Ap) hadde stilt i løpet av prosessen: – Gisle spurde om me formelt sett har bestemt lokalisering av ny skule i politiske fora. Då blei det bestemt at det låg inne i utvalet sitt mandat, sa Bahus.

Aina Tjosås la til at mandatet til styringsgruppa la føringar på framgangsmåten.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Når mandatet har vore å framskaffa tomt så måtte me nesten gå i forhandlingar med dei som eigde tomta. Det har vore ein ryddig prosess, og grunneigarane har fått ro rundt avgjerda. Etter ei tid konkluderte dei med at dei innser at det er ei viktig samfunnsoppgåve å etablera skule, og at dei difor sa seg villig til å selja garden, sa Tjosås.

Så sant reguleringsplanen vert godkjent, slår betaling for tomta inn.

Jordvern-spørsmålet

Harald Døsen (Ap) spurde også om kvifor det var uråd å finna ei tomt som ikkje så tydeleg var i konflikt med jordbruksinteresser.

– Aina har jo tidlegare sagt at dynamitt er rimeleg (slik at elles ubrukelege tomter, lett kan sprengast ut og gjerast brukbare, journ. mrk.). Kvifor er det naudsynt å ta av dei tre prosent dyrka jord me har her i landet, ville Døsen vita.

Tjosås sa at ho var heilt einig, og at dei hadde prøvt alle andre alternativ.

— Det er ingen korkje til høgre eller til venstre i politikken som har kome med noko betre framlegg, sa ho, og la til at dette låg bak hennar ofte gjentekne oppfordring om å setja av nok areal til offentlege føremål i det overordna planarbeidet i kommunen.

ol@osogfusa.no