Leiar i Os orientering, Tommy Sævareid, gjev her Aurora Wikestad det synlege provet på at ho er årets unge utøvar i Os orientering.
Leiar i Os orientering, Tommy Sævareid, gjev her Aurora Wikestad det synlege provet på at ho er årets unge utøvar i Os orientering.

Aurora vart årets unge utøvar

Aurora Wikestad vart kåra til årets unge utøvar i Os Orienteringsklubb.

Nyleg arrangerte Os Orienteringsklubb avslutningsfest for sesongen 2017. Men før det vart pizza og feiring i selskapslokalet i Osbadet, inviterte klubben til klubbmeisterskap i sprint-orientering ved Kuventræ skule.

– Det var eit ufyseleg vêr, men me fekk rodd konkurransen i land og kåra tre vinnarar – Aurora Wikestad, Turid Rognsvåg og Espen Rognsvåg, fortel leiar i Os Orienteringsklubb, Tommy Sævareid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at dei var veldig nøgde med at så mange born stilte til start i grisevêret.

Premiering og utdelingar

Etter sprintorienteringen var det samling i Osbadet med pizza, premieutdeling og utdeling av tur-o-merke.

– Yngste utøvar som oppnådde gullmerke i år var 1 år gamle Julie Reigstad. Dei to eldste som fekk merke var to 79-åringar, fortel Sævareid.

Prisen til årets utøvar gjekk til Andreas Berge.

– Andreas har vist stor framgang i år med sølvmedalje i KM i sprint-stafett som ein av hans beste prestasjonar. Andreas sprang også ein flott andre-etappe i Kompis-stafetten og var med på å leggja grunnlaget for at klubben for første gong vart premiert i den populære stafetten. Andreas er også svært ivrig på treningar, skryt leiaren i klubben.

Flott ung utøvar

Vinnaren av prisen for årets unge utøvar vart altså Aurora Wikestad. Ho fekk prisen for ein flott første-etappe under Kompis-stafetten, flott innsats i Sørlandsgaloppen og andre konkurransar.

– Me har ikkje så mange unge utøvarar i klubben enno, men me set veldig pris på dei me har. Aurora fekk prisen for flott innsats i 2017. Ho er ein flott, ung uøtvar som også har vist å markera seg i toppen av resultatlistene, som ho gjorde det då ho vann fjerdeetappen av Sørlandstoppen i sommar, seier Sævareid.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no