Sovna bak rattet
Ein mann i slutten av tenåra sovna bak rattet og fauk i autovernet på Søfteland.
Tidleg tysdag morgon, klokka 06.12, køyrde ein ung bilist i autovernet i ein sving like ved Joker-butikken på Søfteland.
Bilen snurra halvt rundt og vart liggjande på sida.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Den unge føraren vedgjekk etter kollisjonen med autovernet at han hadde sovna bak rattet. Han var lettare skadd og vart teke med til sjekk på legevakta, fortel Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Kan mista lappen
Ingen andre kom til skade i samband med uhellet. Bilen vart drege inn til sida, og trafikken fløyt greitt alt kort tid etter.
Om dei vidare følgjande for den unge sjåføren seier Hadler-Olsen dette:
- Betjentane våre kunne teke sertifikatet hans på staden. Det gjorde dei ikkje, men det vil likevel bli oppretta sak. Om politi-juristen som ser på saka i ettertid finn at det naudsynt, kan guten mista lappen i ettertid.
Han legg til at det ikkje er mistanke om promillekøyring.