MDG tok Os kommunes ord om delt rom på Osøyro på alvor måndag, og dekte på midt  mellom bilane.
MDG tok Os kommunes ord om delt rom på Osøyro på alvor måndag, og dekte på midt mellom bilane.

MDG-Lan vitja Os med visjonar om bilfritt sentrum

Ho kom med visjonar om å skapa rein gågate på Øyro, men måtte også medgje at Oslo kan læra noko av vesle Os.

Dei lokale miljøparti-agentane stilte med duk og dekka bord i krysset mellom Torggata og Øyro då byråd for samferdsle og miljø i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg, dukka opp måndag. Og oppdekkinga fann passande nok stad på ein av «snublesteinane» kommunen har sett ut for å hindra at bilane tek seg for mykje til rette i eit gatebilete meint for «shared space» – delt rom, mellom bilistar og fotgjengarar. Nettopp denne problematikken var tema for seansen mellom rådhuset og Osroso.

Føreslår bilfrie laurdagar

Oslo-byråden kom til bygda søndag, og fortalde om sitt førsteinntrykk av sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då eg kom i går kveld, tenkte eg at dette var ei veldig fin gågate. No i dag ser eg jo utfordringa med å kombinera denne gågata med biltrafikk, sa Berg.

Ei dame frå Os kjem bort til oss og kommenterer at folk framleis «parkerer i hytt og gevær». Sentrumsleiar William Lindborg svarer at det skal koma opp betre skilting slik at prinsippet om shared space kjem til sin rett. Då skal fotgjengarane ha første pri og bilane kan max køyra i 20 km/t.

– Slik det er akkurat no ser det veldig trygt og fotgjengarvenleg ut på Osøyro, men i praksis vågar eg ikkje å sleppa ungane mine laus. Bilane oppfører seg akkurat som før, kommenterer Nils-Anders Nøttseter.

Sjølv om MDG-arane føreslår bilfri sone i Os sentrum, vil dei i første omgang føreslå å gjera laurdagane til fast bilfri dag.

– Innvendinga frå næringsdrivande på Osøyro om at bilfri sone kan føra til at bilistane køyrer forbi Osøyro, meiner me er eit problem som gjeld vekedagane. Under ulike arrangement i helgene – når gatene blir gjort bilfrie – ser me utruleg stor aktivitet i sentrum. Me vil difor i første omgang føreslå å gjera Osøyro bilfri om laurdagane, seier Nøttseter.

Det Oslo kan læra av Os

Berg fortalde om prøveprosjektet «Bilfritt byliv» som MDG har starta i Oslo sentrum, som dei no skal analysera effektane av. I løpet av sommaren har 400 p-plassar fordelt på seks parkeringsområde, bl.a. ved rådhuset i Oslo

– Her ser eg at de har eit utruleg godt utgangspunkt. Nytt gatedekke, fine gatelys, Bondelaget sitt prosjekt («Spiseleg tettstad») med poteter og jordbær gatelangs, er ting eg ser me kan henta inspirasjon frå også i vårt prosjekt med å gjera Oslo bilfritt, sa ho.

Ho måtte jamvel skryta litt av erkefienden Frp og Terje Søviknes, som trass alt har vore ei av drivkreftene bak Liv på Øyro.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er interessant å sjå kor godt ex-ordførar Søviknes har lagt til rette for å kunna laga endå meir folkeliv i sentrum. Eg skulle verkeleg ønska at Frp/H (det sitjande bystyrets forgjengar i Oslo) hadde etterlatt Oslo sentrum på same måte! Då hadde det vore veldig enkelt å laga bilfrie gater der, sa ho.

– Så du seier at Oslo har noko å læra av Os?

– Det er det eg seier. For det gjer jo sentrum tryggare med betre lys, og då eg var her i går kveld, tenkte eg at dette her er ei heilt strålande gågate, sa Berg.

– AMFI har skjønt det

Medan me sit på torget, køyrer lastebilar med varetransport forbi. MDG-politikarane kommenterer at det vil verta lettare også for varelevering og annan naudsynt biltrafikk dersom privatbilismen vert avgrensa i sentrumskjernen.

– Både varelevering og naudetatar vil få det lettare. Og det planlagde p-huset blir jo ikkje lenger unna enn at å gå frå bil til butikk er overkommeleg, seier Nøttseter, som også representerer partiet i kommunens parkeringsutval.

Han harselerte litt over posisjonens uttale om at å gå hundre meter blir for langt.

– Gåavstanden frå det komande p-huset på Osøyro til butikkane vil jo faktisk ikkje bli lenger enn avstanden frå p-plassen ved Amfi og til butikkane inne i kjøpesenteret. Når ein tenkjer etter – kva er eigentleg Amfi Os? Jau, det er eit bilfritt sentrum med tak over! Og det er me i ferd med å få også på Osøyro, sa Nøttseter.

Den vanskelege kjøpslåinga

Medan byråden først var i Os, nytta me høvet til å stilla eit par spørsmål om partiets utsikter og sjansen for regjeringsmakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva meiner du om Jonas Gahr Støre sitt utspel om at Ap ikkje vil samarbeida med MDG etter valet som følgje av dykkar ultimatum knytt til oljepolitikken?

– Det er veljarane som skal bestemma kven som styrer Noreg, og ikkje Jonas Gahr Støre. På dei siste målingane ligg me an til å koma over sperregrensa. Då går me i så fall frå ein representant til 7–8 på Stortinget. Så fort me kjem på vippen blir nok tonen ein annan, også frå Ap, trur Berg, og viser til kva som hende då partiet kom i posisjon i bystyret i Oslo.

– Høgre sa jo at dei ikkje ville samarbeida med oss før kommunestyrevalet i 2015. Men då me kom på vippen, trur du ikkje det kom ein telefon frå Fabian Stang likevel, seier Berg. Som kjent var ikkje tilbodet frå Høgre godt nok, og MDG gjekk inn i samarbeid med Ap og SV i staden.

ol@osogfusa.no