Roar Wold har funne ut at det blir rimelegare å ta bilen med på ferja enn å fornya månadskortet med Skyss. – Alle kan jo ikkje parkera på Hatvik. Det er  det ikkje plass til, seier Frank Mohn-tilsette Wold.
Roar Wold har funne ut at det blir rimelegare å ta bilen med på ferja enn å fornya månadskortet med Skyss. – Alle kan jo ikkje parkera på Hatvik. Det er det ikkje plass til, seier Frank Mohn-tilsette Wold.

Nye busstakstar fører til dobbelt så dyrt månadskort for Roar

Dei nye busstakstane slår ikkje like godt ut for alle. For Roar Wold vert prisen på månadskort til jobb dobla.

– Nokon må jo betala for at andre skal få det rimelegare, skjemtar Wold.

48-åringen tek prisauken med eit smil, men det tyder ikkje at han er nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva kan eg gjera. Meldinga frå Skyss var at det den nye takstordninga slo godt ut for nokon, og mindre godt ut for andre. For å seia det slik: Eg skjønar at eg er i gruppa for «andre», ler søftelendingen.

To sonar

Tysdag denne veka vart den nye takstordninga til Skyss sett ut i live. I praksis vert det langt færre sonar, men inndelinga vert annleis.

– Eg registrerar at folk som bur i Austrheim til dømes no berre må gjennom ein sone for å koma til Bergen. For fusingar og osingar og bergensarar som jobbar på Fusa må me gjennom to, fortel Wold.

Før den nye ordninga betalte han 990 kroner for månadskort med buss frå Os, ferje over Fusafjorden og buss vidare til arbeidsplassen på Frank Mohn. No vert prisen meir enn dobla.

– Årsaka er at me no går frå ein sone til to. Fusa vert tilhøyrande Kvam, medan Os til Bergen, forklarar han.

Slår verre ut for andre

Tysdag ringde han Skyss og ba om oversikt over kva han reelt måtte betala når han startar på jobb etter ferien no på måndag. Svaret var nedslåande.

– Busskortet går frå 990 til 1.200 kroner, men i tillegg til dette kjem 800 kroner til ferja. Det blir 2.000 kroner. Tidlegare heldt 990 til både buss og ferje, sukkar Wold.

Han legg til at dette ikkje akkurat bidreg til å tenkja miljøvenleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Frå måndag av kan eg køyra til Hatvik, ta bilen med over og køyra til jobb på Fusa, og likevel koma rimelegare frå det enn med Skyss sitt alternativ. Nei, dette var tull, seier Wold.

Han tenkjer vel så mykje på kollegaer på Frank Mohn og Fusa-busette.

– Eg kan jo køyra til Hatvik, ta ferja over og gå opp til jobben på andre sida, men alle som pendlar frå Os og Bergen kan jo ikkje gjera det. Til det har me rett og slett ikkje nok parkeringsplassar der ute, seier han.

Uheldig ut

Ingrid Dreyer i Skyss seier til Os og Fusaposten at nokon dessverre kjem meir uheldig ut med dei nye ordningane.

– Det stemmer at dei nye sonegrensane slår negativt ut for nokon. Omsynet til pendlar- og passasjerstraumar, skulekrinsar, kommunegrenser, tettstader, knutepunkt og naturlige grenser sett av fjord og fjell har vore førande i arbeidet med å utarbeida den nye sonestrukturen. Dei som skal pendla mellom Os og Fusa, må dessverre gjennom to sonar, seier Dreyer.

Ho legg til at Wold og andre, kan få litt rimelegare månadskort.

– Det er viktig å vera klar over at ein får rabatt når ein kjøper kombinasjonsbillett for buss + ferge. Denne typen billett er ikke tilgjengelig i mobilappen, og må kjøpast på Skysskort. Den aktuelle kunden vil då få ein kombinasjonsbillett for buss + ferge Os-Fusa for kr 1.399. Men om han kjøper periodebillett for buss og ferge kvar for seg, vil det koste ca. 2.000 kroner.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no