Marianne Ødegård Gangstø fekk mange hyggjelege helsingar då ho takka av med Tønnekaféen i Fjord’n senter sist helg.
Marianne Ødegård Gangstø fekk mange hyggjelege helsingar då ho takka av med Tønnekaféen i Fjord’n senter sist helg.

Mange hyggjelege helsingar etter vemodig avslutning

Etter fem år i Fjord´n senter takka Marianne Ødegård Gangstø og Tønnekafèen for seg sist helg.

For Marianne og kollegaene var det ikkje med lett hjarte dei avslutta kapittelet i senteret.

– Det er både vemodig og leit at me må gje oss. Me starta drifta utan noko som helst erfaring frå liknande drift og gjorde nokre feil i starten. Dei har me dessverre måtta dra på vidare desse åra, fortel Ødegård Gangstø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje blanke ark

Tønnekaféen overtok eit anna selskap då dei starta opp. Dette selskapet hadde raude tal.

– Det brann me oss på. Me skulle sjølvsagt mykje heller starta opp vårte eige selskap og dermed starta med blanke ark, seier ho.

Ødegård og familien har dei siste åra drive Tønnegarden på Samnøy og Tønnekaféen AS i Eikelandsosen. Dette har ikkje berre vore enkelt.

– Med to ulike verksemder er det nett som me har konkurrert med oss sjølve. Me diskuterte høva for å slå verksemdene saman, og jobba bestemt for dette, men Sambygg AS (eigarane av Fjord`n senter) ville ikkje godta ei slik driftsform, seier Marianne.

Sambygg AS argumenterte mot samanslåinga fordi dei var redd at Tønnekaféen ville dra for mykje omsetning ut av senteret.

– Det var ein argumentasjon me ikkje skjønte. Me såg på dette som einaste løysing for vidare drift, då me kunna sjonglera med arbeid og økonomi på dei to stadene. Dessverre fekk me ikkje høve til det, seier ho.

Vemodig å slutta

Familien Gangstø har heile vegen vore opptekne av å levera kvalitet og både håpar og trur at folk i kommunen har lagt merke til dette.

– Me har fått mykje gode tilbakemeldingar på mat og service gjennom det me har gjort i Tønnekaféen. Målet var heile vegen å gjera kafeen til ein triveleg plass der folk følte seg heime og sett, seier Marianne.

Artikkelen held fram under annonsen.

At folk har sett pris på Marianne, er det liten tvil om. Då Os og Fusaposten var innom senteret sist helg, hadde ho motteke mange blomar og helsingar.

– Me har trivst svært godt i senteret. Hadde me berre sett på økonomien, hadde me nok gjeve oss for ei stund sidan. Me ville så gjerne, men no måtte me altså takka for oss, seier ho.

Tønnegarden på Samnøy held fram som før og vidarefører cateringen som Tønnekaféen har hatt.

- Sambygg har strekt seg

Styreleiar i Sambygg AS, Eirik Syvertsen, stadfestar at dei ikkje ønskte at Marianne Ødegård Gangstø & co skulle få slå dei to firmaa saman.

– Eg vil ikkje gå i detaljar om dette, men avgrensar meg til å seia at dette er knytt til avtaleforma mellom Sambygg og Tønnekaféen, seier Syvertsen.

Han legg til at avtalen mellom anna gav Sambygg rett til innsyn i kafeens drift.

– Ei samanslåing av Tønnekaféen og Tønnegarden på Samnøy ville fråteke oss dette innsynet, som me hadde behov for, om me skulle halda fram med å støtta drifta, seier han.

Syvertsen legg til at Sambygg over åra har gått stadig lenger i å dekkja driftskostnadene for kafeen, og at dei så seint som i 2017 gav direkte tilskot til bedrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar vidare at Sambygg heile vegen har hatt eit godt forhold til familien Gangstø, og synest at kafèen har vore driven på ein god måte.

– Me må berre beklaga at økonomien vart så svak at partene såg seg best tente med å prøva nye konsept, seier Syvertsen.

Han poengterer at Sambygg AS meiner det er viktig å ha ein god kafè i senteret, og at dei no har sett sin lit til Phao Vongphuthon og hennar planar for kafeen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no