Vandrekonserten Nordvegen set metallmusikken på kartet.
Vandrekonserten Nordvegen set metallmusikken på kartet.

Norrøn tidsreise

Kulturvitar Nils Georg Brekke måla eit Os frå farne tider under vandringa frå Solstrand til Nordvegen-konsert i Oseana søndag ettermiddag.

anne-marie@osogfusa.no

– Her har det vore velstelte gardar, grøderike bøar og god mat utan tilsetningsstoff i tusenvis av år. Folk her var like pene som oss, like kloke som oss og like intelligente - sjølv om dei ikkje gjekk i olabukser. seier kulturvitar Nils Georg Brekke då han startar søndagens festspel-vandring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Enslaved og The Vikings

Om lag 100 personar har utstyrt seg med tursko og solbriller for å ta del i den timelange tidsreisa langs fjøresteinane frå Solstrand via Lyngheim og Oselvarverkstaden til Oseana. Ei vandring som startar i hotellhagen med ein musikalsk smakebit frå Nordvegen, verket som skal framførast av Ivar Bjørnson og Einar Selvik i Oseana seinare på kvelden.

Bjørnson har spelt i metallbandet Enslaved i 25 år, medan Selvik fartar verda rundt på universitet og festivalar for å fortelja ei stadig meir fascinert verd om det norrøne og nordiske. I tillegg har du høyrt musikken hans på tv-serien The Vikings.

Nordvegen er ei musikalsk kjærleikserklæring til norsk kystkultur og norrøn historie og vert spelt fire stader under Festspillene i Bergen; Moster, Ullensvang, Bekkjarvik og altså Os. Alle fire stadane nyttar dei i tillegg lokale krefter.

Professor emeritus Nils Georg Brekke åtvara tilhøyrarane mot å tenkja på folk i farne tider som primitive.
Professor emeritus Nils Georg Brekke åtvara tilhøyrarane mot å tenkja på folk i farne tider som primitive.
Einar Selvik (t.v.) og Ivar Bjørnson fortel at verda viser ei voldsom interesse for det norrøne og nordiske.
Einar Selvik (t.v.) og Ivar Bjørnson fortel at verda viser ei voldsom interesse for det norrøne og nordiske.
Iver Sandøy (f.v.), Einar Selvik og Ivar Bjørnson vert takka av vandreguide Siri Lill Mannes etter den musikalske smakebiten i hotellhagen.
Iver Sandøy (f.v.), Einar Selvik og Ivar Bjørnson vert takka av vandreguide Siri Lill Mannes etter den musikalske smakebiten i hotellhagen.

Primitive røvarar

Her i Os består det lokale innslaget av Nils Georg Brekke, pensjonert professor i kulturvitskap. Ein professor som nyttar høvet til å avsanna myten om vikingane som primitive røvarar.

– Det var nok ein del røveri, men ikkje meir enn i resten av Europa på den tida. Folket frå fjordane var mest av alt handelsfolk og djerve kolonisatorar som reiste langt mot sør, vest og aust. Vikingane viste eit ufatteleg vågemot og hadde med seg både fe og utstyr for å busetja seg nye stader, seier Brekke.