Hos Erling Andersen og ER-AN har kanoutleiga vore rekordgod denne sommaren.
Hos Erling Andersen og ER-AN har kanoutleiga vore rekordgod denne sommaren.

Kanongod kano-sesong - fjorårets rekord er smadra

Den gode sommaren har vore positiv for turist-næringa. På Røykenes er fjorårets rekord for kanoutleige smadra.

– Det har vore ein verkeleg god sommar for utleige av kano. Det gode vêret har nok hatt sitt å seia, men eg trur også me dreg gode vekslar på at fleire og fleire kombinerer eit måltid på ER-AN Veikro med ein padletur på vatnet, seier dagler leiar ved ER-AN Auto, Erling Andersen.

Gamal tradisjon

Familiebedrifta på Røykenes har drive kano og båtutleige på Røykenesvatnet i mange år. Først starta dei med utleige av båtar så tidleg som i 1953. 20 år etter vart det kjøpt inn fire kanoar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Inntil for 20 år sidan var det robåtar me hadde flest av. I dag er det flest kanoar, seier Andersen.

Denne sesongen har han hatt 20 kanoar, éin robåt og to kajakkar til leige frå kaien nedanfor vegkroa.

Kjærkoment bidrag

Fjorårets omsetningsrekord på kanoutleige lydde på vel 200.000 kroner. Alt tidleg i august passerte dei den summen.

– Slik det ser ut no kjem me til å ha ein omsetnad på mellom 250.000 og 280.000 i 2018. Det er me strålande nøgde med, seier Andersen.

Han legg til at det kjem godt med.

– I ei tid der drivstoffsalet stadig er nedadgåande er bidrag som dette svært kjærkome, konstaterer Andersen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no