På Vedholmen gler Inglaug Brimsholm og kollegane seg over rekordstort soft-is-sal.
På Vedholmen gler Inglaug Brimsholm og kollegane seg over rekordstort soft-is-sal.

Softis-salet tok av på Vedholmen

På Bunnpris på Ved- holmen gav sommarvarmen rekordsal av softis.

– Det har vore ein kjempeflott sommar, og me er veldig nøgde. Spesielt bra gjekk det med softissalet. Leverandøren vår melde nett at me hadde selt 150 prosent meir enn i fjor sommar. Det er ei utvikling me kan lika, ler dagleg leiar Inglaug Brimsholm.

Låge badetemperaturar

For butikken i Øyane starta sommarsesongen på magisk vis alt i mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var jo så me fekk ein sommar ekstra. Somme dagar lurte eg på om heile Os hadde fri. Det krydde av folk her, seier ho.

Siste del av sommaren dabba besøket noko av.

– Me har merka at den nye SPAR-butikken på Nore Neset er komen. I tillegg har me lidd litt av at temperaturane i sjøen ikkje har vore heilt på topp siste del av sommaren. Når badetemperaturen stig i august, bruker me å ha mange som skal innom på veg i bad, men årets agust-månad har vore litt våt og kald, seier Inglaug.

Kan ikkje klaga

Ho er kjapp med å leggja til at ingen har lov til å klaga etter ein sommar som den me har hatt i år.

– Sjølv om det vart litt kaldare mot slutten, så har det vêrmessig vore fantastisk, og båt- og sjølivet her ute har vore yrande, seier ho.

Litt eksta liv vart det også i samband med dei årlege Kystsogevekene.

– Under fiskekonkurransen hadde me nær hundre deltakarar, og no sist helg under Poker-run-løpet, var det også veldig mange folk innom. Me er alt i alt veldig godt nøgde med sommaren, konkluderer Brimsholm.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no