- På generelt grunnlag forventar Fylkesmannen at dei vedtaka me gjev vert respekterte og følgde. Alle partar i ei klagesak må oppleva at ein klageprosess er ein reell og ikkje illusorisk prosess, kommenterer seksjonsleiar Anne Kjersti Sande.
- På generelt grunnlag forventar Fylkesmannen at dei vedtaka me gjev vert respekterte og følgde. Alle partar i ei klagesak må oppleva at ein klageprosess er ein reell og ikkje illusorisk prosess, kommenterer seksjonsleiar Anne Kjersti Sande.

Fylkesmannen: - Kommunen byggjer vidare på eigen risiko

Det føreligg per i dag ikkje gyldig vedtak for fleirbrukshallen i Fusa. - Me forventar at vår oppheving av igangsetjingsløyvet vert følgd, seier seksjonsleiar hos Fylkesmannen.

Seksjonsleiar Anne Kjersti Sande stadfestar at dei har oppheva igangsetjingsløyvet for hallen som er under oppføring i Eikelandsosen.

- I opphevingsvedtaket har me påpeika feil framgangsmåte i saka. Me har ikkje realitetshandsama saka og det som går på byggjehøgde, men påpeika det formelle og sendt saka attende til kommunen. Dei må no senda ein grunngjevande søknad som dispensasjon frå plankravet når det gjeld høgde på hallen. Kommunen er avhengig av å få denne dispensasjonen for at hallen skal bli godkjend, opplyser Sande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når dispensasjonssaka er handsama i kommunen, kan dette vedtaket i sin tur påklagast.

- I så fall vil me gå inn og realitetshandsama saka, sett at alt det formelle då er på plass, seier Sande.

- Kva tenkjer Fylkesmannen om at kommunen held fram bygginga av hallen utan gyldig løyve?

- På generelt grunnlag forventar Fylkesmannen at dei vedtaka me gjev vert respekterte og følgde. Alle partar i ei klagesak må oppleva at ein klageprosess er ein reell og ikkje illusorisk prosess. Det handlar om respekt for alle partar i klagesaka, seier Sande.

Ho legg til at ein tiltakshavar i ein slik situasjon byggjer vidare «på eigen risiko», og Fylkesmannen på si side gjer merksam på at saka kan få eit anna utfall.

jostein@osogfusa.no