71 år gamle Sokichi Takashita har vandra rundt i verda i 11 år. Hittil har han gått 40.000 km.
71 år gamle Sokichi Takashita har vandra rundt i verda i 11 år. Hittil har han gått 40.000 km.

Møtte japanaren som har gått 40.000 kilometer på 11 år

Fusa-paret Nils Idar Henjum og Åse Andersen er ikkje lenger på verdas ende.

Etter å ha køyrt over 3.500 km frå Valparaiso i Chile, kom vi til Ushuaia på sydspissen av Argentina.

Vi bestemte oss difor for å ta ein ekstra kviledag for å utforska byen og naturen rundt Beagle-stredet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beagle-stredet er oppkalt etter båten Charles Darwin brukte på jordomsegling i 1831-1836. Med sine 70.000 innbyggjarar er Ushuaia, trass plasseringa, ein moderne og pulserande by. Mykje på grunn av turismen. Blant anna har Hurtigruten jamnlege stopp her på sine vintercruise sørover mot Antarktis.

Los Vikingos på Netflix

Etter små innkjøp av diverse souvenirar, var det også greitt med ein svipptur innom det argentinske postvesenet.

Dette viste seg å vera noko som tok bortimot ein halv dag. Papir skulle skrivast i tre eksemplar på blåpapir. Her kom vår erfaring med postvesenet i Usbekistan til god nytte.

Konditoriet på Terra del Fuego er viden kjend for sine gode bakevarer.
Konditoriet på Terra del Fuego er viden kjend for sine gode bakevarer.
Så vakkert kan det vera å ta pause ved Puerto Madryn i Argentina.
Så vakkert kan det vera å ta pause ved Puerto Madryn i Argentina.
Dette biker-paret frå Colombia var strålande glade for hjelpa med å få sykkelen sin på rett kjøl langs vegen i Argentina.
Dette biker-paret frå Colombia var strålande glade for hjelpa med å få sykkelen sin på rett kjøl langs vegen i Argentina.
Desse vietnamesiske turistane var ville etter å ta selfies med paret frå Fusa.
Desse vietnamesiske turistane var ville etter å ta selfies med paret frå Fusa.
Desse jentene,  frå Sveits og Mexico, anbefalte det beste konditoriet i heile Tierra del Fuego.
Desse jentene, frå Sveits og Mexico, anbefalte det beste konditoriet i heile Tierra del Fuego.
Åse Andersen på «Fin del mundo», verdas ende, lengst sør i Argentina.
Åse Andersen på «Fin del mundo», verdas ende, lengst sør i Argentina.
Mange mil er tilbakelagt. (Skjermdump)
Mange mil er tilbakelagt. (Skjermdump)
Ferja frå Buenos Aires til Colonia del Sacramento i Uruguay.
Ferja frå Buenos Aires til Colonia del Sacramento i Uruguay.
Nils Idar Henjum klar for tollinspeksjon på grensa til Uruguay.
Nils Idar Henjum klar for tollinspeksjon på grensa til Uruguay.
Endeleg framme i Montevideo etter 18 mils køyring frå Colonia.
Endeleg framme i Montevideo etter 18 mils køyring frå Colonia.

Vi skreiv så blekket spruta, tonen var god og latteren satt laust.

Engelsken til postfunksjonærane var nesten like god som spansken vår. Dei hadde sett Los Vikingos på Netflix, og hadde danna seg eit bilete av oss frå nord.

Den største utfordringa var likevel at vi måtte fylla ut ID-nummeret vårt på sendinga. Noreg er som kjent det einaste landet i verda som ikkje har ID-kort, trass i at styresmaktene våre har jobba med å innføra dette dei siste 12 åra.

Løysinga var difor å bruka det norske førarkortet og fylla inn utløpsdatoen for liten lastebil.

Dette vart sjølvsagt godkjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Banktrøbbel

Då pakken til slutt var klar for sending, kom det nok ei utfordring. Posten i Argentina tek nemleg ikkje kredittkort, Visa eller dollar. Beskjeden var klar «NO NO, SOLO CASH, PESOS ARGENTINOS !!!»

Så var det banksystemet som skulle gje oss hovudbry. Minibankane i Argentina er ikkje så glade i store utbetalingar. Dei er derimot veldig glade i store gebyre.

Mange automatar aksepterer ikkje uttak høgare enn om lag 400 kr med eit gebyr på 10 prosent.

Men vi kom til slutt i mål med dette også. Dermed kunne vi bruka resten av dagen til å sjå på pingvinar og sjøløver.

Berømt konditori

Når vi reiser på motorsykkel kjem vi lett i kontakt med andre reisande. To jenter frå Mexico og Sveits anbefalte oss det beste konditoriet i hele Tierra del Fuego.

Det ligg langs vegen omlag åtte mil frå Ushuaia. Så berømt er det at til og med rutebussen frå Rio Grande til Ushuaia, har lagt inn eit ekstra stopp for at passasjerane skal kunna nyta bakverket.

Etter å ha teke døgnkvilen i Ushuaia, var det no på tide å byrja den lange ferda mot nord.

Vinteren nærmar seg

Då vi stod opp om morgonen viste temperaturmålaren ei grad og nysnøen låg langt nedover fjellsidene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mars månad er den fyrste haustmånaden på desse breddegrader, og vinteren står snart for tur.

Den sørlege delen av Sør-Amerika er kjent for sitt ugjestmilde klima. Det kan til tider blåsa sterke og kalde vindar opp frå Antarktis, noko vi fekk merka på kroppen.

Heldigvis kom vi oss med ferja over Magellan-stredet til Punta Delgada før ferjene vart innstilte.

Syklane bles over ende

Vi køyrde no nordover til byen Rio Gallegos. Etterkvart som det blåste meir og meir, måtte vi berre innsjå at vi ikkje kunne køyra vidare. Vinden kasta oss fram og tilbake i vegbana, og det var vanskeleg å halda sykkelen på vegen.

I Rio Gallegos fann vi eit hotell med parkeringsplass i eit portrom. Vinden var no så sterk at syklane ikkje stod på støtta. Her vart vi vêrfaste i to dagar før vi kunne halda fram på dei argentinske pampasslettene.

Då vi omsider kom oss på vegen igjen, var det ikkje vinden som nesten velta oss, men derimot ei reisegruppe frå Vietnam. Dei klatra opp på syklane for å verta fotograferte – ein etter ein. Til slutt føreslo vi at det kunne passa betre med eit gruppebilete. Dette for å unngå at ein gjeng vietnamesarar vart samanklemte under syklane våre.

Ville unngå Buenos Aires

Planen var å køyra opp til Buenos Aires og ta ferja over til Colonia del Sacramento i Uruguay.

Vi hadde googla og sjekka kvar ferja skulle gå frå og lagt inn koordinatane på GPS-ane med ein stor boge nord for Buenos Aires. Dette for å sleppa det meste av trafikken i storbyen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då vi kom fram, viste det seg å vera heilt feil stad. Google maps hadde sendt oss på ville vegar.

Vi spurde folk langs vegen, og dei få som visste noko, sa at ferja går frå den sørlege delen av hovudstaden.

Dermed måtte vi gjera det som vi i utgangspunktet skulle prøva å unngå. Nemlig å køyra gjennom Buenos Aires.

Mord i blikket

Vi tasta inn Puerto Madero og kasta oss ut i trafikkgalskapen med mord i blikket.

Er det ein ting vi har lært oss med bykøyring i Sør-Amerika, så er det at ein aldri må køyra passivt. Føraropplæringa i Noreg fungerer rett og slett ikkje her.

Skilt og vegmerking vert berre oppfatta som vegleiande og ingen bryr seg om andre enn seg sjølv.

Vikepliktsreglar gjeld ikkje, og alle køyrer på til den eine må gi seg. Dersom ein er klar over dette, er det overraskande kor greitr det likevel går.

Vi kom vel fram til ferjeterminalen, og halvannan time seinare kunne vi køyra i land i Uruguay.

Artikkelen held fram under annonsen.

anne-marie@osogfusa.no