– Vi må behalda minimum det tilbodet vi har, spesielt om morgonen, understreka Mikal Leigland (Sp).
– Vi må behalda minimum det tilbodet vi har, spesielt om morgonen, understreka Mikal Leigland (Sp).

Vil dobla talet på direkteruter mellom Os og Fusa: Bruarøy bed ordførarane om å ta mykje Møllers tran før møtet med Skyss

Innanfor det ein kan definera som normaltid for arbeidsreiser, meiner fellesnemnda det bør vera direkteruter mellom Osøyro og Eikelandsosen minst éin gong i timen, i begge retningar.

Med samanslåinga av dei to kommunane vert FV 552, frå Osøyro til Eikelandsosen, ein endå meir sentral transportåre, og ein særs viktig kollektivakse, ikkje berre internt i Bjørnafjorden, men også vidare til Bergen og etter kvart også Lyseparken.

I strategidokumentet for Bjørnafjorden heiter det at kommunen skal arbeida for å redusera transportbehovet og leggja til rette for miljøvenlege transportformer som kollektiv, sykling og gåing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skal ein få innbyggjarar og tilsette til å redusrea eigen bilbruk til eit minimum er effektive kollektivløysingar og gode gang- og sykkelvegar nøkkelen, går det fram av startegidokumentet.

Utvida tilbod i helgane

I dag er det berre to direkteruter mellom Osøyro og Eikelandsosen i tidsrommet 06.00–09.00 og 14.00–17.00. Mellom Eikelandsosen og Osøyro er det tre.

12. april skal ordførarane i Os og Fusa, Terje Søviknes (Frp) og Atle Kvåle (Ap), i dialogmøte med Skyss. Tema for møtet er kollektivtilbodet i den nye kommunne, og 25. mars vedtok fellesnemnda at ein vil be om fem nye direkteruter mellom Osøyro og Eikelandsosen, i tillegg til dei som finst i dag, og to nye direkteruter mellom Eikelandsosen og Osøyro.

Fellesnemnda bed også Skyss om å sikra utvida opningstid for ferjesambandet Hatvik-Venjaneset, spesielt om morgonen på kvardagar og på kveldstid i helgane.

– Om ein tenkjer at innbyggjarane våre skal få høve til å ta del i lags- og organisasjonsliv på begge sider av fjorden, må det vera mogleg å kryssa fjorden så seint som mogleg, spesielt i helgame, sa Søviknes i møtet.

Mykje Møllers tran

– Opningstidene på ferjene er eviktige for oss. Slik stoda er i dag, er tilbodet til å leva med på kvardagar. Laurdagen derimot må vi sjå litt meir på, sa Kvåle.

I oktober 2016 vart det klart at Fjord 1 er vinnar av fylkeskommunen og Skyss sin anbodskonkurranse for sju ferjesamband i fylket, deriblant Hatvik–Venjaneset. I det nye ferjeanbodet er det føreslått å knappa litt ned på opningstidene på ferja. Det meiner politikarane er særdeles uheldig.

– Vi er nøydd til å behalda avgangen klokka 05.35 (frå Venjaneset) på grunn av næringslivet, la Kvåle til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mikal leigland (Sp) er blant dei som nyttar avgangen klokka halv seks frå tid til anna. I fellesnemnda argumenterte han for at avgangen er viktig for å få varer ut i marknaden, og inn til produksjon, samt for arbeidstakarar som jobbar i bergensområdet og startar dagen klokka 7.

– Dette må vi slåss for, sa han.

Marie Lunde Bruraøy (H) meiner det er bekymringsfullt at fylket legg opp til ein reduksjon i tilbodet, både når det gjeld buss og ferje, og ba dei to ordførarne om å ta mykje Møllers tran i forkant av møtet med Skyss.

– Vi kan ikkje akseptera eit dårlegare tilbod enn det vi har i dag. Det vert ikkej nullvekst i personbiltrefikke n dersom alle er avhengige av å setja seg i bilen for å koma seg nokon plass, understreka ho.

camilla.kvamme@osogfusa.no