Magne Djuvik (Frp) kjente seg ikkje komfortabel med uttalen som planutvalet hadde vorte samd om ei veke tidlegare. I kommunestyret føreslo han først å avvisa den regionale kystsoneplanen, men då Richard Markhus presenterte tre forslag til endringar i retningslinene til planen, stilte han seg bak desse.
Magne Djuvik (Frp) kjente seg ikkje komfortabel med uttalen som planutvalet hadde vorte samd om ei veke tidlegare. I kommunestyret føreslo han først å avvisa den regionale kystsoneplanen, men då Richard Markhus presenterte tre forslag til endringar i retningslinene til planen, stilte han seg bak desse.

– Planen bør avvisast

I planutvalets ekstramøte 20. april vart utvalet samd om ein uttale til regional kystsoneplan. Ei veke seinare hadde planutvalsleiaren ombestemt seg, og meinte planen burde skrotast.

– Eit samrøystes planutval kom fram til ein uttale, men den siste veka har eg tenkt mykje på om det var så lurt, sa leiar for planutvalet, og varaordførar, Magne Djuvik (Frp).

Djuvik nytta kommunereforma som argument for å avvisa Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fusa kommune er med i arbeidet med planen, Os kommune ikkje. Om me vedtek planen, kan me hamna i ein situasjon der fusadelen av Bjørnefjorden har ein plan å forholda seg til, osdelen ikkje. Det vert litt tullete. Og på bakgrunn av det, meiner eg at vi bør avvisa planen, sa Djuvik.

– To ulike verder

Forslaget til planutvalsleiaren vart møtt med stor forundring. Til og med frå medlemmer i planutvalet.

– Eg er veldig overraska over det Djuvik seier. Det er jobba godt med planen, og det er veldig rart å avvisa det arbeidet. Veldig rart, sa Agnete Digranes Årvik (Ap).

Mikal Leigland meinte det var feil å blanda kommunesamsnlåinga inn i arbeidet med kystsoneplanen.

– Eg er sjeldan og aldri ueinig med Magne Djuvik, men i dag er eg veldig ueinig, sa Sp-politikaren med ein viss ironi.

– Os og Fusa er i to ulike verder når det gjeld areal og arealdisponering. Eg må be kommunestyret om å ivareta fusingane sitt areal fram til ei eventuell samanslåing med Os. Vi må få på plass eit plandokument for vårt område, la Leigland til.

Sp-politikaren fekk støtte frå Aud-May Boge (H), som meinte utspelet til Djuvik var overraskande. Boge trekte fram det som er føremålet med planen, nemleg å sikra ei berekraftig forvaltning av sjøareal og strandsone i sunnhordlandsregionen og ytre Hardanger, og å sikra gode rammevilkår for havbruksnæringa og maritim sektor.

– Eg er ikkje heilt komfortabel med å setja strek over det arbeidet som er gjort. Ein ting er å ikkje uttala seg om planen, ein annan å setja strek over arbeidet. Det synest eg er veldig spesielt, sa Boge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marianne Borge (Sp) understreka at planen ikkje er juridisk bindande.

Sjølvråderett

Djuvik poengterte at det vert arbeidd med ein akvakulturplan i Fusa, og at interessene som Boge nemnte, vert ivaretekne der.

Richard Markhus (Sp) på si side tok til orde for å fjerna følgjande punkt i retningslinene til planen:

«1.3 Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger inneheld retningsliner som ivaretek måla i planen. Dei regionale retningslinene vil kunna vera utgangspunkt for vurdering av motsegn frå regionale mynde.»

«2.16 Område avsett til akvakultur i regionalplanen er retningsgivande og skal vurderast og detaljerast vidare i samband med kommunal arealplanlegging. Kommunen kan avsetja meir sjøareal til akvakultur for større teknologiske nyvinningar eller område for nye artar. Nye område for akvakultur som vert lagt inn i kommuneplanane skal konsekvensutgreiast.»

«3.5.1 Område avsett til bruk og vern av sjø og vassdrag utan akvakultur skal detaljerast vidare i samband med kommunal arealplanlegging. Områda er fleirbruksområde der dei ulike interessene (t.d. fiske, ferdsel, natur, friluftsliv) er likestilte.»

– Slik planen ligg føre, får det konsekvensar for næringslivet i Fusa. Med dei endringane eg har skissert, har me framleis litt sjølvråderett i kommunen, sa Markhus.

– Reelle problemstillingar

– Havbruk er viktig for Fusa. Eg kan støtta Markhus sine endringar, men å forkasta planen... Det er viktig å ha ein gjenomarbeidd plan. Eg ser ikkje noko problem med at ikkje Os er med. Os kan kopla seg på i neste omgang, meinte Bjarte Samnøy (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Atle Kvåle (Ap) sa han var overraska over at planutvalet ikkje har klart å utarbeida ein uttale som ivaretek kommunen sine interesser. Kvåle meinte at ein burde ta utgangspunkt i planutvalet sin uttale, men at ein fletta inn Markhus sine forslag til endringar.

– Dette er reelle problemstillingar som vi bør vera tydelege på. Eg trur det er klokt å ha det med i uttalen, var oppmodinga frå ordføraren.

Djuvik støtta òg forslaget til Markhus, og trekte det han i utgangspunktet la fram.

Fristen for å uttala seg om Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger er 12. mai.

camilla.kvamme@osogfusa.no