– Eg er berre ein mann som spelar piano. Gjer no ikkje dette til noko om meg, smiler Knut Vidar Garlid smålåtent.
– Eg er berre ein mann som spelar piano. Gjer no ikkje dette til noko om meg, smiler Knut Vidar Garlid smålåtent.

Mannen som alltid spelar piano

Han er i kulissane ein kvar plass der ein treng akkompagnement. Knut Vidar Garlid var sjølvsagt også mannen som batt ”Lyden av Os”-konserten saman.

– Hehe, gjer no ikkje dette til ei sak om meg. Eg er berre ein mann som spelar piano, seier Knut Vidar Garlid kledeleg smålåtent.

Han er ikkje ein gong frå Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har budd her i 24 år, men er fødd og vakse opp i Sandviken, seier den lærarutdanna musikaren.

Kjekt å bli spurd

Under laurdagens konsert i aulaen i Oseana laurdag var Knut Vidar kapellmeister for "Lyden av Os”-prosjektet.

– Du er som regel bak pianoet når det skjer noko musikalsk i bygda?

Stine Kobbeltvedt frå kulturkontoret er svært nøgd med Kulturminnedagane i Os og alle som har bidrege. Ho har også litt ekstra skryt å koma med om Knut Vidar Garlid.
Stine Kobbeltvedt frå kulturkontoret er svært nøgd med Kulturminnedagane i Os og alle som har bidrege. Ho har også litt ekstra skryt å koma med om Knut Vidar Garlid.

– Ja, det kan kanskje verka slik. Eg synest det er kjekt å bli spurd og stillar gjerne opp. 

– Kva synest du om dette prosjektet?

– Dette er jo Stine (Kobbeltvedt) sin idè. Det er ho som trekkjer i trådane. Eg er berre tilfeldigvis han som har spelt litt i lag med fleire av aktørane som er med her, smiler pianisten.

Ein sann ressurs

Det var i samband med kulturminnedagane at konserten i Oseana fann stad. Kulturkonsulent i Os kommune, Stine Kobbeltvedt, var godt nøgd med den musikalske ”pakken” dei fekk servert til publikum.

– Me har mange flinke, flotte folk som er med oss her i dag. Knut Vidar er ein av dei. Han er ein sann ressurs for musikklivet her i bygda. Veldig flink pianist og alltid positiv og klar for å bidra. Du anar ikkje kor mange gonger han har redda meg, når eg har tronge ein pianist på kort varsel, ler Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og så er han svært flink også?

– Ja, han har jo fast med Tilslørte Bondepiker og fleire andre musikarar i bygda. Dessutan har han arrangert ein del av det me høyrer her i dag, fortel Stine, før ho legg til.

– Eg må elles få takka alle som har bidrege til Kulturminnedagane no denne veka. Det er enormt mange som har bidrege, og samtlege utanom Marius Neset har gjort det utan vederlag. Det er utruleg flott. Tusen takk, seier Kobbeltvedt.