Bøter: Kommunar må betale bøter for kvar ekstra dag ein utskrivingsklar pasient er på sjukehus. Bota har stige frå 4.000 kroner i 2012 til 4.747 kroner i 2018. I 2019 er bota på 4.885 kroner, skriv VG. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

VG: Staten har gitt norske kommunar bøter for 1,4 milliardar kroner

Norske helseføretak har gitt kommunar som ikkje tar imot pasientar etter sjukehusopphald, bøter på nærare 1,4 milliardar kroner frå 2012 til 2018,

Dette betyr at norske kommunar har fått bøter over 300.000 gonger for pasientar dei ikkje har klart å ta imot, slik samhandlingsreforma frå 2012 pålegg dei, skriv VG.

Når ein pasient blir innlagt på sjukehus for å få behandling eller ein operasjon, skal kommunen ta imot pasienten etter at vedkommande har vorte skriven ut frå sjukehus. Kommunen skal gi vidare hjelp og behandling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samhandlingsreforma frå 2012 skulle gjere samarbeidet mellom sjukehus og kommunane betre, der pasientane skulle skrivast ut raskare, og tilbodet til kommunane skulle byggast opp. Konsekvensen var at dersom ein kommune ikkje klarer å ta imot ein pasient, må kommunen betale bøter for kvar ekstra dag pasienten er på sjukehus.

VGs kartlegging viser at samhandlingsreforma har vorte dyrare og dyrare for mange kommunar.

I 2012 kravde sjukehusa inn bøter for til saman 142 millionar kroner frå kommunane. I fjor var summen på 272 millionar kroner, ein auke på 92 prosent.

– Det er mykje som tyder på at bøtene for utskrivingsklare pasientar er eit økonomisk verkemiddel som ikkje fungerer. I staden har det ført til uheldige økonomiske vridingseffektar og stor uvisse om dette er til beste for pasienten, seier president Marit Hermansen i Den norske legeforeining til avisa.

(©NPK)