I mindretal: Som i formannskapsmøtet 29. november, ba Tina Bøe Buer (MDG) om at tiggeforbodet vert fjerna frå politivedtektene. Forslaget fekk berre 14 røyster.

Tiggeforbodet vert ståande

I formannskapet fekk Tina Bøe Buer (MDG) berre støtte frå to andre representantar då ho ba om at forbodet mot tigging vert fjerna frå politivedtektene. Tysdag ba ho kommunestyret om det same.

Buer er uroa for at forbodet er eit brot på FNs menneskerettserklæring. Ho peika også på at politiet har reiskap og mynde til å slå ned på organisert kriminalitet på anna vis.

– Eg er spent på kva Høgre sine representantar røyster, sa Buer og siterte frå partiets prinsipprogram: ”Felleskapet kan aldri frarøve enkeltmennesker dets grunnleggende behov og rettigheter. Alle mennesker har rett til å be om hjelp når de trenger det, også når det skjer i form av tigging”.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er godt kjent med innhaldet i Hs prinsipprogram. Eg var på landsmøtet der det vart vedteke av eit knapt fleirtal, etter ein lang og heftig debatt, repliserte Marie Lunde Bruarøy (H).

Vidare fortalte Bruarøy at H kjem til å fristilla gruppa si i saka, og at ho kjem til å lytta til lensmannen sine ”veldig tydelege signal”.

– Eg var med på i innføra forbodet. Eg har full forståing for at nokon vil ha det vekk, men eg vel å lytta til dei lokale forholda, sa ho.

Nasjonalt forbod?

Asle Olsen (SV) meinte på si side at forbodet er håplaust.

– Ein kan ikkje forby tigging og tru at problemet vert borte, sa han.

SV-politikaren fekk støtte frå Bjarte Samnøy (KrF).

– Det er utruleg feigt av oss som har alt me treng å seia at nokon ikkje skal få lov til å tigga, meinte Samnøy.

– Som politikarar har vi eit spesielt ansvar for å ta vare på dei svakaste i samfunnet. Det er dei som tiggar som er dei svakaste, ikkje dei som synest det er ubehageleg med tigging, sa Torgeir Hansen Skjælaaen (MDG).

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi ønskjer alle å hjelpa, men dette er ikkje måten å gjera det på, påpeika Harald Lekven (uavhengig). Lekven oppmoda kommunestyret om å lytta til lensmannen si klare tilråding.

Ei samla Ap-gruppe stilte seg bak Buer sitt forslag. Gisle Hesjedal (Ap) meinte likevel at ein burde arbeida for eit nasjonalt forbod.

– Det er gode argument på begge sider. Det er ein grunnleggjande rett å be om hjelp når du treng det, samstundes ser ein dei same menneska sit på dei same gatehjørna år ut og år inn. Då er det ikkje lenger snakk om mellombels hjelp i ein akutt situasjon. Då er tigging blitt eit yrke, og då har vi som samfunn spelt fallitt. Det er politikken si oppgåve å løysa utfordringar, ikkje flytta på dei, sa Hesjedal og tok altså til orde for eit nasjonalt forbod.

Fungerer: Gustav Bahus (Frp) viste til at forbodet har fungert. Partiet hans ønskjer difor å halda fast ved det.

– Forbodet har fungert

– Forbodet har fungert, difor ønskjer vi å halda fast ved det, sa Gustav Bahus (Frp).

Mikal Leigland (Sp) viste til at tigging ikkje er regulert på noko som helst måte.

– Dei betalar korkje skatt eller arbeidsgjevaravgift. Og det støttar vi opp om dersom vi opnar for tigging. Eg er tilhengjar av ordna forhold for alle. Å nøra opp om økonomisk kriminalitet ved å gje løyve til å tigga, gjer eg ikkje, sa Sp-politikaren.

Leigland hadde ikkje alle i gruppa si, på si side. Terje Sperrevik (Sp) røysta for forslaget om å oppheva forbodet. Likevel kom dei som ønskte forbodet til livs, til kort. Forbodet vart oppretthalde med 21 (12 Frp, 5 H, 3 Sp, Harald Lekven (uavhengig)) mot 14 røyster (8 Ap, 3 MDG, 1 SV, 1 KrF, 1 Sp).