Straks i mål: Prosjektleiar og rådmann, Christian Fredrik Fotland, og resten av dei kommunetilsette, er straks i mål med samanslåinga av Os og Fusa. I alle fall første del av samanslåinga. Frå nyttår vert det forhåpentlegvis litt kortare arbeidsdagar for rådmannen.

Trass tøffe tak og lange dagar - rådmannens latter er aldri langt unna

– Tenk deg å jobba ein stad der ingen ler, seier rådmann Christian Fredrik Fotland (53) og ler høgt.

Denne saka stod fyrste gong på trykk i Bjørnafjorden-magasinet i haust.

Det gjer han minst fem gonger om dagen. Rådmannen forventar også at alle han jobbar med ler høgt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er skilnad på humor og humør. Humor kan såra. Humør skadar sjeldan, seier han.

På nyåret i 2016 tok Fotland fatt på den nye jobben sin som rådmann i Os. På den tida stod det ingenting i arbeidsskildringa om noko kommunesamanslåing. Først eit halvt år seinare var trulovinga mellom Os og Fusa eit faktum, og etter kvart vart Fotland tilsett som rådmann for den nye kommunen, samt prosjektleiar for samanslåinga.

– Korleis er arbeidsdagane dine?

– Lange. Det har dei vore det siste året. Doble skift. Men eg er innstilt på det. Det er viktig at vi lukkast, seier han.

På vakt på nyttårsaftan

Ei kommunesamanslåing er ikkje gjort i ei handvendig. Heile 43 delprosjekt har dei tilsette i Bjørnafjorden kommune måtta losa i hamn.

– Vi har utruleg god kontroll, seier Fotland.

Eitt «lite» stressmoment er det likevel. På nyttårsaftan skal heile eigedomsregisteret til dei to kommunane transformerast inn i den nye kommunen. Det er snakk om fleire millionar transaksjonar.

Då Sandefjord, Andebu og Stokke slo seg saman til Sandefjord kommune 1. januar 2017, var dei åleine. 1. januar 2020 skal Kartverket handtera heile 43 kommunesamanslåingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Utrykningskøyretøya er avhengige av informasjonen som ligg i matrikkelen. Om vi ikkje får det til, kan det handla om liv og helse, seier rådmannen som er på vakt i dagane kring nyttår.

– Eg sit klar dersom det oppstår situasjonar som må handterast.

På innbyggjarane si side

53-åringen kjem frå Sandviken, men både foreldra hans, søstera og svigerinna bur i Os. Då han fekk nyss i at rådmannen i «annleiskommunen» skulle gå av med pensjon, gjekk det ikkje lang tid før han bestemte seg for å senda inn ein søknad.

– Os har fått til mykje med forholdsvis avgrensa ressursar. Eg hadde lyst til å ta del i den tankegangen. Å sjå mogelegheiter der andre ser problem, seier Fotland som ønskjer å vera ein kreativ rådmann med fokus på folk.

– Vi skal bli verdas beste kommune i å møta folk. Vi skal vera proaktive, tenkja løysingar og vera på innbyggjarane si side. Det er for innbyggjarane vi er her, legg han til.

Løping og sjokolade

Fotland er utdanna lærar. Han har arbeidd som høgskuledirektør ved Høgskulen i Bergen, og som rådmann i Radøy og Lillehammer, før han kom til Os.

På Lillehammer fekk han sansen for det tørre vêret.

– Dei første regndropane kom i april, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

For å kompensera for det til tider trauste vestlandsvêret, skaffa han seg ei hytte i Hallingdal. Der dreg han i lag med familien så ofte han får sjansen. I alle feriar, og ei langhelg i ny og ne.

– Det er eit skikkeleg vinterparadis, seier 53-åringen som går skiturar i fjellet på vinterstid og hentar fram sykkelen elles i året.

Trekkspel, tangentar og løping er andre ting rådmannen likar å sysla med på fritida.

– Før pleidde eg å spela kvar dag for å stressa ned. Den siste tida har det ikkje blitt så mykje tid til det.

Løpinga derimot tek stadig meir tid.

– Eg spring gjerne 1 mil, og så et eg ei 200 grams firkløverplate etterpå, seier han og ler.

– Får ein til å tenkja over livet

For tre år sidan stod rådmannen i gründerparken på Os, og var i ferd med å signera ein avtale. Plutseleg kjende han at kjenslene i den eine armen vart borte.

– Eg trudde eg var i ferd med å få hjerneslag, fortel han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannen vart lam frå halsen og ned. Han var blitt råka av det sjeldne syndromet Guillain-Barré. Heldigvis fann legane fort ut kva det var, og Fotland fekk raskt behandling. Etter tre måneder var han attende i rådmannsstolen.

Etter sjukdomen bestemte han seg for å løpa halvmaraton. No er maratonet i København blitt ei årleg happening.

– Det var utruleg stort å koma i mål første gongen. Då eg var sjuk, trengte eg hjelp til alt. Det får deg til å tenkja over livet, og kva som er viktig for deg, på ein annan måte. Eg er utruleg takksam for at det gjekk så bra som det gjekk, seier han.

Fleire tøffe saker

Kommunereforma har som nemnd teke mykje av tida til rådmannen dei siste åra. Men Fotland har også hatt andre store saker å hanskast med, som PBU-saka, varslingssaka på Luranetunet og Havnesjefen.

– Det er også vanskeleg når det er nære kollegaer det er snakk om, og når mine avgjerder får alvorlege konsekvensar for nokon. Samstundes er det ein del av jobben, påpeikar Fotland.

Rådmannen er av den oppfatning at å vera konfliktsky ikkje nødvendigvis er noko negativt.

– Det inneber at ein går ope inn i det og søkjer å finna gode løysingar. Klarer eg ikkje å løysa konflikten, er eg ikkje alltid like nøgd med meg sjølv. Eg stiller strenge krav til meg sjølv, seier han.

– Eg har lært litt. Openheit er mykje viktigare enn eg har lært tidlegare, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då rådmannen fekk tilsendt ei utgreiing frå ein advokat om varslingssaka på Lurantunet tidlegare i år, var første tanke å unnta utgreiinga frå offentlegheit. Fotland bestemte seg for å gjera det motsette. Senda ut ei pressemelding.

– Hadde utgreiinga vorte unnateke, hadde det fort blitt vinklinga, meiner rådmannen.

Tid for omstilling

Om den siste tida har vore krevjande, vert det litt å gripa fatt i for rådmannen også dei komande åra. Veksten i frie inntekter i Bjørnafjorden i 2020 er ifølgje forslaget til nytt statsbudsjett 0,0 prosent. Fotland har varsla om utfordringar på mellom 30 og 50 millionar i den nye kommunens første leveår.

Han er likevel optimist.

– Det kjem til å gå fint. Bjørnafjorden må gjennom ei omstilling. Vi må sjå på ressursane våre, og korleis vi brukar dei på ny. Det måtte vi ha gjort uavhangig av statsbudsjettet, seier han.

Prosjektet har fått tittelen Bjørnafjorden22. I løpet av dei tre neste åra skal inntektene til den nye kommunen vera høgare enn utgiftene, og ein skal ha ein sunn og god økonomi som gjev politikarar og administrasjon det handlingsrommet dei treng.

– Skal vi halda fram med å vera ein framoverlent kommune er vi heilt avhengige av handlingsrom, seier Fotland.

Men korleis skal ein klara det? Rådmannen ser på noverande tidspunkt ikkje noko trong for å innføra eigedomsskatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornying er nøkkelordet. Og færre tilsette. Men ingen fast tilsette treng ifølgje rådmanen å vera uroa for jobbane sine.

– Det sluttar så mange gjennom naturleg avgang, seier han.

Bjørnafjordens way

Rådmannen har eit pragmatisk forhold til kven som styrer kommunen politisk. No gler han seg til å samarbeida med eit nytt kommunestyre. Eit kommunestyre beståande av representantar både frå Os- og Fusa-sida av Bjørnafjorden.

– Det vert annleis for alle. Meir enn å gå inn i enkeltsaker i detalj, bør vi leggja ein strategi, og setja oss nokre mål for den nye kommunen. Vi må finna Bjørnafjorden sin måte å gjera ting på, understrekar Fotland.