Reagerer på mørklagt sentrum: Gav klar beskjed om at dette må fiksast

Veglys som ikkje fungerer, skal ha skapt nestenulukker i gangfeltet ved den nye parkeringsplassen i Os sentrum. Bjørnafjorden kommune er på saka.

Ein tilset i Bjørnafjorden kommune fortel at dei har fått telefonar frå trafikantar om nestenulukker som følgje av at det er stummande mørkt i deler av sentrum då fleire veglys ikkje fungerer.

– Seinast i går var det ein som ringde inn småhysterisk fordi det nesten hadde skjedd ei ulukke, og vedkomande gav klar beskjed om at dette må ein fiksa kjapt.

Artikkelen held fram under annonsen.

BKK Enotek var på staden i går for å forsøka å finna ut kva som er årsaka.

Avdelingsleiar samferdsle/VA i Bjørnafjorden kommune, Agnete Haugland, fortel at BKK Enotek har funne ut kva som er årsaka.

– Det er ein kabelfeil. Dei har feilsøkt og funne brotet. Slik eg forstår det, skal dei forsøka å laga ei mellombels løysing med kabel over bakken. For å fiksa feilen, må dei grava, og det må søkjast om.

Anders Hjelle var på joggetur i dag tidleg. Han fortel at det er manglar lys i Finnebrekka, over brua inn til sentrum og frå rundkøyringa til eit lite stykke forbi den nye parkeringsplassen i retning Bergen.

– Det er mange fotgjengarfelt som er mørklagt. Det er ungar som går til skulen og slikt. Dette må ein berre få orden på kjapt, seier han.

Etter å ha fått opplyst at det er eit kabelbrot som er årsaka, seier Hjelle at det høyrast rart ut.

– Det kan godt vera at det kabelbrot, men eg tvilar på at alle desse områda heng saman. Då er det i tilfelle fleire brot det er snakk om.