Tomt sidan Solsiden: Lokalet i Irisfabrikken har stått tomt sidan Solsidan gjekk konkurs våren 2017. No er det i ferd med å skje ting i lokalet igjen.

Satsar på restaurant i «Solsiden-lokalet»

Det skjer spanande ting i Irisfabrikken.

Etter fem års drift i Os måtte Tore André Sagstad sjå seg nøydd til å leggja ned utestaden Solsiden. Dette skjedde i mars i 2017. Sidan har lokalet stått tomt. Eit par månader før, kjøpte Krohnås Prosjekt Irisgården. Den siste tida har det vore aktivitet i det gamle Solsiden-lokalet, og dagleg leiar i Irisgården AS, Christian Tellefsen, stadfestar at noko er på gang.

Gjer klart: Det vert jobba med nokre aktører, men førebels er det ikkje landa ein avtale, fortel dagleg leiar i Irisgården AS, Christian Tellefsen.

– Vi jobbar med å finna restaurant til «Solsiden-lokalet». Lokalet er ribba ned og klargjort for ombygging, seier Tellefsen, og legg til at dei jobbar med nokre aktørar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingenting er spikra nett no. Så snart ein avtale er på plass, vil vi sjølvsagt melda om kven som kjem inn.