Skulle ha konsert: På Eikelandsosen skule var dei i ferd med å rigga til konsert, men så kom meldinga om at skulane skulle stengja. – Vi måtte snu oss om. Benkane står framleis slik dei gjorde hin dagen, fortalde rektor Kjersti Søvik førre fredag.

– Vi ser elevar som er ivrige og leverer meir skriftleg arbeid enn dei plar gjera

Det er nokre tekniske utfordringar, men Kjersti Søvik ser ein del positive resultat ved å driva digital skule.

– Det har raskt blitt ein rutine for lærarar å driva med opplæring digitalt. Its Learning har hatt problem med å takla pågangen, men det er berre naturleg. Kva for leverandørar var budde på denne situasjonen? Trur ikkje det var mange, naturleg vis, seier rektor ved Eikelandsosen barneskule, Kjersti Søvik.

Då Os & Fusaposten vitja Søvik fredag førre veke, kunne ho fortelja at dei på skulen var i ferd med å rigga til ein rekrutteringskonsert som kulturskulen skulle ha. Som ein kan sjå på biletet over, stod benkane framleis framme eit par dagar seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi stoppa i farten. Det var andre ting som blei meir viktig då. Benkane står framleis slik vi gjekk frå dei, sa rektor til Os & Fusaposten fredag.

På skulen den fredagen, var rektor og eit par lærarar, og nokre reinhaldarar. SFO-lokalet var vaska ned og desinfisert, i tilfelle det skulle bli aktuelt å opna opp for nokre elevar på skulen. Det skjedde måndag.

– Det er eit tilbod for born frå 1.- 5. klasse, hovudsakleg med foreldre i helsevesenet. SFO-personell og faglærarar går vakter der.

Søvik er imponert over kor flinke folk er til å omstilla seg i denne spesielle situasjonen.

– Lærarane har daglege videosamtaler med elevane, og vi ser elevar som er ivrige og leverer meir skriftleg arbeid enn dei har brukt å gjera. Lærarane rapporterer til meg, seier rektor og legg til:

– Det er ei enormt bratt læringskurve med alt som har med det digitale å gjera. Slik eg ser det, er det største tapet for elevane, den sosiale utviklinga, ved at dei ikkje får vera saman. Elles går dette veldig bra.