Avgrensa markering: Det vert ei avgrensa markering av 1. mai i år, men Bjørnafjorden Ap heldt på tradisjonen med flaggborg og kransenedlegging i Minneparken på Os.

La ned krans på 1. mai: - I år var markeringa ekstra viktig

Korona-pandemien gjorde årets 1. mai-markering ekstra viktig, meiner leiar i Bjørnafjorden Ap, Øystein Oen.

Det vert ei avgrensa markering av 1. mai i år, men Bjørnafjorden Ap heldt på tradisjonen med flaggborg og kransenedlegging i Minneparken på Os.

Øystein Oen hadde med seg nestleiar Nan H. Drange og medlemsansvarleg i lokalpartiet, Espen Ivar Tveten, til markeringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre representantar: Øystein Oen hadde med seg nestleiar Nan H. Drange og medlemsansvarleg i lokalpartiet, Espen Ivar Tveten, til markeringa.

På spørsmål om kvifor Oen meiner markeringa framleis er viktig, konstaterer han at vi «tek til å få det svært bra i Noreg med eit trepartssamarbeid, når det fungerer».

– Men dei siste 6-7 åra har vi opplevd eit kraftig angrep på framforhandla ordningar, som sjukeløn, permisjonsstønader og overtidsbestemmelsar, samt at presset på resultat berre aukar frå år til år, seier Oen.

Han minner også om at 1. mai er ein internasjonal dag for alle arbeidstakarar.

– Då er det viktig å markera solidaritet med dei som ikkje har det like bra som oss her på berget, seier han.

- Kva kampsaker er dei aller viktigaste for Noreg sin del i dag, slik de ser det?

– Heile, faste stillingar med heiltid som standard og lik lønn mellom kjønna. Dei bedriftene som praktiserer dette, har aldri sett seg tilbake. Offenlege, livsnødvendige tilbod, som helse, renovasjon og reingjering, skal driftast av det offentlege.

Han meiner årets markering i lys av koronapandemien er ekstra vikitg. Han meiner vi har eit «helsevesen som knelar i mangel på mannskap, men viktigast, våre heltar i helsevesenet har ikkje nok utstyr».

Til minne: - Vi minnest Marie Østrem og hennar innsats under krigen med solidaritet og omtanke for fangane som sat i fangeleirar i Os.

– Denne pandemien var varsla, og vi var ikkje klare. Det er mange som er skuldige her, men det er underleg at Stortinget bestemte styrking på beredskapslagra etter svineinfluensaen i 2013, noko som blei lagt i ei skuff, meiner Oen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve kransenedlegginga i Minneparken meiner lokallagsleiaren er viktig både for fagrørsla og heile Bjørnafjorden.

– Vi heidrar dei som gav sine liv for demokratiet og vår fridom. Og vi minnest Marie Østrem og hennar innsats under krigen med solidaritet og omtanke for fangane som sat i fangeleirar i Os.

Viktig: Sjølve kransenedlegginga i Minneparken meiner lokallagsleiaren er viktig både for fagrørsla og heile Bjørnafjorden.