Ulovleg: Ein person brann noko som han ikkje hadde lov til, og vil bli straffa for det.

Ulovleg bålbrenning i Lysefjorden

Laurdag rykte brannvesenet og politiet ut til Lysefjorden etter melding om ulovleg bålbrenning. Det enda med at ein person blei meld.

Politiet fekk meldinga via brannvesenet, som skal ha blitt varsla av nokon som hadde sett bålbrenninga.

— Vi fekk det stadfesta då vi kom til staden, at dette ikkje var eit lovleg bål. Det var mellom anna møblar som stod i fyr då vi kom dit. Dette var på ei privatadresse, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedkomande er meld, og skal ha erkjent dei faktiske forhold på staden.

— Vi fortalde han om regler for bålbrenning. Han sa at det var dumt av han. Vi har saman med Bjørnafjorden brann og redning laga ei rettleiing om bålbrenning. Den er å finna på heimesida til kommunen om nokon usikre.