Sommarstemning på isen: Det var herleg sommarstemning i solsteiken på Ulvenvatnet søndag føremiddag.

Sjekk videoen av den elleville badefesten på Ulvenvatnet

Det var som ei merkeleg, absurd trefning mellom sommar og vinter då ei gruppe isbadarar og andre kule folk chilla ved «bassenget» på Ulvenvatnet søndag.

Søndag vart det stunta til badefest midt i Os MC & MX Klubb sin isbane på Ulvenvatnet. Ideen fekk Torgeir Holme i lag med Jørgen Alfheim då han var og foreviga motocrossarane på laurdag.

Sjå video frå stuntet der Postracer Production ved Ole Henning Bøe har bidrege med dronebilete:

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som er med på badinga og settet er JRK Myhre, Kristine Bjånesøy Tikkanen, Riku Tikkanen, Jonny Wolf, Shahwali Sadat, Henrik og Marie Klokkernes, Jørgen og Iselin Alfheim og Karina Kjerstieg.