Bevisstlaus: Ein av gutane blei bevisstlaus medan politiet snakka med dei.

To gutar blei køyrd til sjukehuset: Vitne fortel at dei ikkje klarte å ta vare på seg sjølv

Oppførselen til dei to på kyrkjegarden i Os sentrum gjorde at vitne valde å kontakta politiet.

— Dei var ikkje aggressive, men det var tydeleg at dei ikkje klarte å ta hand om seg sjølve. Dei fauk fall om ein annan, tulla og småsprang rundt på kyrkjegarden, før dei hamna i nokre buskar og rulla rundt oppe i Minneparken, fortel ei kvinne som var på kyrkjegarden torsdag.

Ho kom i kontakt med ei anna kvinne. Dei to meinte at her var det naudsynt å kontakta politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dei var svært unge, og dei såg ikkje gode ut. Eg reknar med at dei var 14—15 år gamle, fortel kvinna.

Politiet kom raskt til staden. Dette var i 17-18-tida torsdag. Dei kom i kontakt med gutane, og situasjonen til ein av dei blei verre i løpet av samtalen. Det fortel operasjonsleiar Rebnor i Vest politidistrikt.

— Han eine guten blei køyrd rett til Haukeland sjukehus. Han blei bevisstlaus medan politiet snakka med han. Den andre guten blei køyrd til legevakt først, og så til sjukehuset, fortel operasjonsleiaren og held fram:

— Begge framstod som svært rusa. Nett kva dei hadde fått i seg, er uklart.

— Kor gamle var desse to?

— Dei er under 15 år gamle.