Melding til kommunestyret: Utdanningsforbundet i Bjørnafjorden har skrive lesarbrev adressert til kommunestyret. (Arkivfoto)

Til kommunestyret: Grensa for effektivisering er nådd!

Er det slik me ynskjer å driva skule?

I formannskapsmøtet 22. april vart det vedteke tentative rammer for økonomiske nedtrekk for dei ulike sektorane i kommunen. Innstillinga deira går vidare til kommunestyret 6. mai. SV sin representant i møtet påpeika at nedtrekket for oppvekst på 18,7 millionar i 2022, var meir enn sektoren kan tola. Me får fleire urovekkjande meldingar frå tilsette i barnehage og skule, som bekreftar dette.

Lærarrolla i barnehage og skule er meir krevjande enn nokon gong. Barnegruppene veks og krav frå ulike hald strøymer på. Oppvekstsektoren er i stor grad lovregulert. Opplæringslova og barnehagelova, saman med læreplan og rammeplan skal sikra at barn og ungdom får det dei har krav på. Eit område som har blitt auka fokus på, er det psykososiale miljøet for dei unge. Tilsette i barnehage og skule skal sikra nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar, bl.a. gjennom den lovfesta aktivitetsplikta (§42 i barnehagelova og opplæringslova §9A-4), noko som er eitt av fleire døme på skjerpa lovkrav med påfølgande arbeid for dei tilsette. Oppvekstleiarar blir ofte ståande i ein ubehageleg spagat med økonomiansvar på eine sida og ansvar for forsvarleg drift på andre sida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt av kompetansemåla i kunst og handverksfaget er som følgjer: “Eleven skal kunne bruke ulike håndverktøy og elektriske verktøy for å bearbeide og sammenføye harde, plastiske og myke materialer på en trygg og miljøbevisst måte.” Å leggja til rette for å nå dette målet for ei gruppe på 26 elevar i ein sløydsal, er for ein lærar åleine ei tilnærma umogeleg oppgåve. Resultatet blir ofte at læraren kjenner på dårleg meistring av arbeidet og får stressrelaterte plager. Elevane tapar stort på denne kostnadseffektive måten å rigga undervisninga. Dei praktisk estetiske faga smuldrar opp då skulane ofte ser seg nøydde til å nedprioritera desse, for å kunna dela klassar i mindre grupper i basisfaga norsk, matte og engelsk. Er det slik me ynskjer å driva skule?

I Bjørnafjorden22 prosjektet kan ein ofte høyra ord som stammar frå bedriftsøkonomifaget. Benchmarking er eitt av desse som omsett til norsk tyder referansemåling. Kommunane vil måla seg med dei som er best. Kommunestyret bør etter kvart finna ut av kva me ynskjer å vera best i. Den årlege Kommune-Stat-Rapporteringa er ei mykje brukt referansemåling for kommunar. Samanlikna med KOSTRA-gruppe 9 og andre kommunar i Vestland fylke har Bjørnafjorden kommune lågare netto driftsutgifter per barn, både i barnehage og skule. Den benchmarkinga er tydeleg på at me allereie er kostnadseffektive. For å gje barn og unge det dei har rett på er det essensielt at det er nok lærarar til å hjelpa dei undervegs i læringsprosessane. Tilsette i oppvekstsektoren melder om at grensa for effektivisering er nådd!

Utdanningsforbundet Bjørnafjorden