Har gått ned: I toppåret 2013 vart 1.778 barn plasserte borte frå familien etter tvangsvedtak. Etter fleire år med auke har talet på omsorgsovertakingar gått ned. På biletet - direktør i Bufdir (Barne-, ungdoms- og familieetaten), Mari Trommald.

Kraftig nedgang i tvangsplassering av born. Peikar på anna årsak enn pandemien

I mange år steig talet på barn som barnevernet overtok omsorga for, men dei siste sju åra har pila snudd.

Direktør Mari Trommald i Bufdir seier til Bergens Tidende at ho trur nedgangen skuldast at familiane får hjelp tidlegare.

I toppåret 2013 vart 1.778 barn plasserte borte frå familien etter tvangsvedtak. Etter fleire år med auke har altså talet på omsorgsovertakingar gått ned, og i fjor vart 751 barn tvangsplasserte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marit Trommald trur ikkje nedgangen skuldast koronapandemien, men heller at barnevernsteneste har hatt stor merksemd på å gi familiar hjelp på eit tidlegare tidspunkt. Ho meiner også at dei no er flinkare til å bruka slekt og nettverk, og på den måten slepp ein å plassera borna ut av familien.

Nedgangen i omsorgsovertakingar kan også skuldast at tenestetilbodet frå psykisk helsevern, skule og Nav gjer at fleire taklar foreldrerolla betre, meiner ho.

Bufdir-sjefen trur vidare at opp- og nedgangen kan ha samanheng med kvar fokuset er for barnevernet. Ho trekkjer fram Christoffer-saka frå 2005, der ein åtte går gammal gut vart mishandla til han døde. Saka vart først lagt bort, men seinare vart stefaren dømd for mishandling med døden til følgje.

Trommald meiner det i åra rundt Christoffer-saka var eit auka fokus på å gripa inn i familiar der barn vart utsette for vald og på å avdekkja skjult vald.