Treng skulebygg: – Neste steg no er å finna eit bygg. Det står jo ein del tomme lokale rundt om kring i Os, så eg håpar kommunen kan hjelpa oss, seier Mie Mari Sløk Rusdal som ønskjer å starta montessoriskule i Os.

Mie vil starta montessoriskule i Os. Er i ferd med å etablera eit styre for skulen

Førebels har ho fått med seg fem veldig engasjerte foreldre.

Mie Mari Sløk Rusdal er sjølv montessoripedagog. Ho har arbeidd i fleire år på ein montessoriskule i Bergen. I tillegg har ho to born på to og fire, og er busett på Søfteland.

– Det hadde vore kjekt med ein montessoriskule for borna mine. Det var på grunn av dei eg sette i gang prosessen, fortel Rusdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt for to år sidan, då ho var i mammaperm med minsten, lufta ho ideen på Oppslagstavlo i Os på Facebook.

– Den gongen var eg først og fremst interessert i å finna ut om det var andre som hadde planar om å starta ein skule, og høyra om eg eventuelt kunne hjelpa dei med å laga materiell. Det er mykje arbeid som må gjerast i ein oppstartsfase, seier ho.

No har ho teke grep sjølv, og saman med fem veldig engasjerte foreldre er ho i ferd med å etablera eit styre for skulen. Planen er å starta opp skuleåret 2023/2024.

– I første omgang vert det nok ein skule for 1. til 4. trinn. Elevane må bli vane med montessori-måten å jobba på. Det er mykje eigenarbeid og prosjekt, påpeikar Rusdal.

– Dei eldre hjelper dei yngre

Rusdal er på omvising på ein montessoriskule i Oslo når ho får telefon frå avisa. Læraren understrekar at ein på noverande tidspunkt ikkje veit noko om kor mange elevar det eventuelt vert ved skulen, og at det i alle fall bør vera 20 for at ein i det heile teke skal starta opp.

Det er Utdanningsdirektoratet som behandlar og godkjenner søknader om å driva friskular i Noreg.

– Neste steg no er å finna eit bygg. Det står jo ein del tomme lokale rundt om kring i Os, så eg håpar kommunen kan hjelpa oss, seier ho.

Helst bør det vera ein stad mellom Os sentrum og Søfteland, eller langs 600-lina til bussen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er avhengige av å kunna tilsetja lærarar med kompetanse i montessoripedagogikk. Eg trur ikkje det er så mange av dei i Os, seier ho.

Montessoripedagogikken, som vart utvikla av Maria Montessori for over 100 år sidan, byggjer på eit syn der «barnet er i sentrum, og eit syn der sosial, emosjonell, fysisk og intellektuell utvikling vert sett på som like viktig».

– Maria Montessori var oppteken av å blanda born i ulike aldrar og å skapa eit naturleg læringsmiljø der dei eldre hjelper dei yngre. Ho var også oppteken av å laga materiell, eller konkretar, som skulle hjelpa eleven med å forstå det som i utgangspunktet er abstrakt. Brøkrekning til dømes, kan ein ved hjelp av fysisk materiell gjera veldig enkelt, seier Rusdal.

– Kva er det viktigaste du har lært i åra som montessoripedagog?

– Det er ikkje berre det faglege som er viktig. Dei fysiske og sosiale aspekta ved læringa er minst like viktige, understrekar Rusdal.

Bjørnafjorden har alt to montessoriskular. Begge ligg på austsida av kommunen, eller i tidlegare Fusa kommune: Éin på Holdhus og éin i Strandvik.