Pressekonferanse fredag: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol på fredagens pressekonferanse.

Klarsignal for koronasertifikat for vaksinerte og dei med negativ test

Kommunar får no ta i bruk koronasertifikat, men må samtidig gi gratis test til dei som ikkje er vaksinerte.

Ei forskrift som blir vedteken fredag, vil gjera det mogleg for kommunane å ta i bruk koronasertifikat for å letta på restriksjonane for fullvaksinerte, dei som har vore koronasjuke det siste halvåret eller har testa negativt for covid-19 dei siste 48 timane.

Ein må altså ikkje vera vaksinert for å bruka sertifikatet, understrekar regjeringa. Føresetnaden for at kommunar kan byrja å bruka sertifikatet i kontroll, er at dei har gjort vedtak om smitteverntiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg må kommunane ha eit tilbod om gratis hurtigtest til dei som ikkje er vaksinerte. Dei arrangementa og verksemdene som skal bruke koronasertifikat, bruker ein kontrollapp for å kontrollera om sertifikata er gyldige. Barn og ungdom under 16 år treng ikkje koronasertifikat, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Tromsø er blant kommunane som har varsla at dei står klare til å ta i bruk koronasertifikatet, men som har venta på at forskrifta skal bli klar.