Anna handlingsrom: Slik lærarnorma fungerer i dag, overoppfyller kommunen norma på dei små skulane, men slit på dei store. – Vi hadde fått eit heilt anna handlingsrom om lærarnorma var på kommunenivå og ikkje skulenivå, sa kommunalsjef Line Rye.

Oppvekst har fått i oppdrag å kutta 18,7 millionar. Dei siste fem millionane er svært krevjande

– Vi klarer ikkje å levera varige innsparingstiltak på 18,7 millionar, utan at det, i for stor grad, går utover lovpålagte tenester.

Det sa kommunalsjef Line Rye under budsjettkonferansen i Fjord´n arena førre veke.

Innsparinga på 18,7 millionar i 2022 kjem i tillegg til innsparinga på 14,7 millionar i 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har veldig stramme rammer knytt til drift. Med det nedtrekket vi har lagt inn, klarer vi å halda drifta på eit forsvarleg nivå, men vi manglar fem millionar, sa Rye.

Les også
Meiner politikarane verken lyttar eller forstår alvoret: — Vi har ikkje meir å gi

Ytterlegare kutt vil ifølgje kommunalsjefen truleg gå ut over lærarnorma, som ein alt har problem med å oppfylla, og bemannings- og pedagognorma i barnehagane.

– Frå administrasjonen si side er det ikkje lagt inn denne typen kutt, sa Rye og la til:

– Vi har ei kjempeutfordring om vi ser på den totale botnlina. Det må vera mogleg å utvikla tenestene også innanfor dei nye rammene, påpeika ho.

Marie Lunde Bruarøy (H) lurte på kva konsekvensen av å ikkje oppfylla dei ulike normane er. Til det svara Rye at det er konkurranse om borna i barnehagane, og at det vil vera uklokt av kommunen å ikkje oppfylla norma. Når det gjeld skulane, har Statsforvaltaren tilsyn jamt og trutt.

– Sist tilsyn vart det påpeika at vi ikkje oppfyller lærarnorma. Vi lova at vi skulle få det til i år. Men det er ikkje alltid vi klarer det på grunn av spesialundervisning, vedgjekk Rye.

Kommunalsjefen skulle ønskt norma var på kommunenivå, og ikkje skulenivå.

– Vi hadde fått eit heilt anna handlingsrom. Slik stoda er i dag, overoppfyller vi norma på dei små skulane, men slit med å oppfylla ho på dei store, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsparingstiltaka som vert føreslått innan oppvekstområdet summerer seg til i alt 13,58 millionar kroner. Det er omlag fem millionar mindre enn eininga har fått beskjed om å kutta.

– Ekstremt krevjande

Oppvekstområdet ser føre seg å spara 2,1 millionar knytt til reduserte årsverk i administrasjon, leiing og som følgje av organisasjonsendring. Av andre innsparingstiltak, er: Endring i organiseringa av velkomstklassen (700.000), reduksjon i kjøp av private tenester innan barnevern (1.500.000), justering av grunnbemanninga i kommunale barnehagar (970.000), avslutta MOT-avtalen (600.000), leiing i skule – samarbeid og reduksjon i stillingar (950.000) og musikk for alle (680.000).

Nokre innsparingstiltak har vore på bordet utan at dei har vorte konkretiserte, går det fram av kommunedirektøren sitt budsjettframlegg. Eitt av dei er endring av reinhald i barnehagar og skular på Fusa-sida av kommunen. Dette er stoppa fordi ein skal sjå på det i ein større kommunal samanheng. Eit anna område er husleigeavtalar som treng ein samla gjennomgang for heile kommunen, går det fram av budsjettet.

Eininga har òg sett på struktur, og kva ei eventuell endring av barnehage- og skulestrukturen kan få å seia for økonomien til kommunen.

– Det er ikkje nokon lett sak, korkje for oss i administrasjonen eller for politikarane. Men vi ønskte å finna ut kva potensialet eigentleg er. Vi er heilt avhengige av å få til eit nedtrekk, og å gjera fleire nedtrekk på kvar enkelt skule, trur eg vert ekstremt krevjande, påpeika Rye.

Les også
Ligg ikkje inne som forslag, men har vist eksempel på flytting av sju mindre skular og barnehagar

Kommunalsjefen understreka at ein ikkje er i hamn med justeringane i eininga.

– Mykje vert gjort, sa ho og trekte mellom anna fram at ein riggar seg for framtida gjennom oppvekstreform og kompetanseløftet, at ressursane knytt til leiing og administrasjon konstant er under lupa, at ein må definera kva likeverdige tenester eigentleg betyr og at drifta i dei kommunale barnehagane må justerast etter demografi.

Digitale løysingar, samarbeid og kompetansebygging, og å fylla opp barnegrupper, feriestengja barnehagane, og reduksjon i plasstypar, er andre måtar å spara pengar på.