Portrett av sonen: Djuphavsslettene er skriven som eit brev til Victor, kor Hilde Kvalvaag teiknar eit portrett av sonen, slik ho kjenner han.

For Hilde Kvalvaag vart boka om sonen sitt sjølvmord ein veg ut av den botnlause sorga

Gjennom Djuphavsslettene ynskjer Kvalvaag å visa mennesket bak sjølvmordet og skildra det utrulege mørket dei etterlét seg, men også at ikkje alt i livet blir verre av å vera i sorg.

Onsdag kveld er det duka for forfattarsamtale med Hilde K. Kvalvaag på Bjørnafjorden bibliotek. I salen sit eit overtal av mødrer klare for å lytta. Boka ho skal prata med Mari Lyssand om, kom ut i sommar, og er ein sjølvbiografisk roman kor vi møter ei mor som slit med å takla sitt eige liv etter sonen sitt sjølvmord.

Tung tematikk og sjølvironi

– Mange eg har snakka med om boka seier at «den skulle eg gjerne ha lese, men det trur eg ikkje eg orkar», og eg må innrømma at eg kvidde meg litt då eg skulle byrja å lesa ho, for det er ein vanskeleg tematikk, innleidde Lyssand og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men likevel er det ein tekst ein klarar å vera i, og har lyst til å lesa ferdig. Det er både fordi språket er så suverent godt, og fordi du i opninga av boka viser lesaren at det etter kvart kjem til å koma sprekker av lys inn i det enorme mørkret, startar Mari Lyssand.

Forfattaren les eit utdrag frå starten av boka. Handlinga er lagt til to år etter hendinga, og har fleire innslag av mørk humor. Mora er i drivhuset med sin yngste son på seks år, som er fortvila fordi ei rabarbraplante har døydd. Han er sint på mora, og bestemmer seg for å skriva ei bok om mordet på rabarbraen. Sonen seier at når boka kjem ut, så vil ho verta berømt, men av feil grunnar.

Hilde meiner desse lysglimta er ein viktig del av romanen.

– Det skal vera ein roman om Victor, men og om korleis du skal klara å koma deg vidare, og mørk humor var viktig for meg, særleg sjølvironi.

– Ein måte å skriva seg inn i verda igjen

Ganske tidleg etter bortgangen til sonen, kjende Hilde at ho måtte skriva om sjølvmordet for å klara å leva med det. Prosessen hjelpte ho å finna tilbake til seg sjølv.

– Når eg stod midt oppi det, hadde eg mest lyst til å døy, men det kunne eg ikkje, for eg hadde eit ansvar. Då ein psykolog ba meg tenkja på at eg hadde tre andre barn, sa eg at eg visste at eg hadde dei, men eg kjende det ikkje.

– Såleis har romanen vore ein måte å skriva seg inn i verda igjen. Dei levande vart meir tydelege gjennom det eg skreiv.

Utdrag: Hilde les høgt frå starten, midten, og slutten av boka.

Djuphavsslettene er skriven som eit brev til Victor, kor Hilde teiknar eit portrett av sonen, slik ho kjenner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I romanen er mora sint på «heile verda». I boka var det rom for dette sinnet, og i tankane raser mora mot naboar som seier ting som gjer alt verre, mot andres små problem, mot smilefjes i meldingar, fortel Kvalvaag.

– Boka var ein stad å få utløp for det sinnet eg trur mange djupt sørgande kjenner på.

I mørket skin lyset endå sterkare

– Om ein ser utover publikum, ser ein nærmast berre mødrer, bryt Lyssand inn.

– Gjennom tidene har mødrer fått skulda for mykje. I romanen så føler mora at ho må forsvara seg mot psykologisk teori som hevdar at dersom ikkje mor er varm nok tidleg i barnet sin oppvekst, kan det føre til at barnet får psykiske lidingar, seier Kvalvaag.

– Eg har også skrive denne boka til mødrer som har eit barn som strevar.

I byrjinga av romanen er sorga til mora botnlaus og uhandterleg.

– Men det er viktig å seia at ikkje alt vert verre av å vera i sorg. Det vart eit slags sjokk då eg fann ut at sorg kan gjera andre kjensler endå sterkare. Til dømes kunne eg vakna ein dag og kjenna at eg er så utruleg glad i dei andre borna mine. Når det er så mørkt, skin fine ting endå sterkare, smiler forfattaren.

Meining i livet

Ho fortel også at fellesskap med andre har vore det som har gjort det mogleg å koma tilbake til eit liv som både er fylt med sorg og glede.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å vera ho som mista sonen sin til sjølvmord, har gjort at mange har trudd seg til meg, og det har opna for mange fine, djupe samtalar.

– Mange ønskjer seg eit lykkeleg liv, men eg er meir oppteken av meining, og tenkjer at det er heilt nødvendig for å ha eit godt liv. Og eg kjenner at, ja, eg har eit meiningsfullt liv, sjølv om eg saknar Victor heile tida.