Bilføraren hadde ikkje «orden i sysakene»
Mannen vart send heim frå Halhjem ferjekai med beskjed om å ordna opp.
Litt over kl. 15 torsdag ettermiddag kom politipatruljen over ein bil på Halhjem ferjekai som det var ei begjæring på.
Det betyr at han hadde fått pålegg om å utbetra ulike feil på bilen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det viste seg då at feil var retta, men at dette ikkje var registrert og godkjend.
Føraren fekk pålegg om å køyra heim og ikkje bruka bilen før dette var ordna.