Gründerbrør: Brørne Erik og Henrik Mjelva omsette for heile 2,9 millionar kroner i 2020. Dette medan begge framleis er studentar.

Dette var den mest leste næringssaka i april: Slik vart brørne Mjelvas iPhone-fiksar-firma brått til ei millionbedrift

Det starta i det små i 2014. I dag er Henrik og Erik Mjelvas Ifiks Ekspressen blitt ei millionbedrift med verkstad i to ulike delar av landet.

Storebror Henrik gjekk opp stien. Det er han som må kallast den store gründeren i dette næringslivseventyret, men takk vere veslebror Erik, har iPhone-fiksar-firmaet på Søfteland verkeleg kunna veksa seg stor. I dag styrer gutane kvar sin verkstad. Henrik i Bodø, Erik i familieheimen på Søfteland.

— Om ikkje pappa hadde knust mobilen sin og spurt om eg kunne fiksa han den gongen i 2014, hadde me kanskje ikkje vore her me er i dag. På sett og vis skal han ha litt ære han også, ler Henrik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimom: Henrik er heimom og tek eit lite oppdrag under intervju med Os & Fusaposten. Bror Erik meiner at han då bør fakturera jobben på avdelinga hans i Os, ikkje på Henriks i Bodø.

På si-jobb

Han har rokke å bli 22 år, den ambisiøse søftelendingen. Denne helga er han på visit i barndomsheimen i Vindalsvegen. Til dagen studerer han eigedomsmekling, spelar fotball på 3. divisjonslaget Junkeren, og driver Ifiks Ekspress-butikken i Nord-Noregs største handlesenter, City Nord.

— Det er kjekt å koma heim og helsa på. Få litt kjeft av fattern for at dialekten min byrjar å bli litt utvaska og få høve til å skryta litt av Erik og den jobben han gjer for firmaet her heime, seier Henrik.

Historia om iPhone-fiksar-firmaet oppsummerer han slik:

— Eg byrja å fiksa litt telefonar for kompisar her i Os, så heldt eg fram då eg flytta til Bodø for å spela for Bodø/Glimt. I lang tid var det berre ein på-si-jobb, men i 2018 starta eg enkeltmannsføretak, fekk med meg Erik på laget og kunne etter kvart opna butikk i Bodø.

Med bror Erik (18) på laget har utviklinga vore enorm.

— Me runda ein million i omsetning i 2019. No i 2020 omsette me for 2,9 millionar kroner, fortel Henrik, som i tillegg til Erik har andre tilsette i firmaet.

— Kva kan de seia om den tekniske delen av jobben dykkar?

— Det tek tid å læra. Spesielt om ein har pølsefingrar som oss, ler Henrik.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er litt knoting. Eg brukte nokre månadar på å få det til. I starten jobba eg berre med gamle iPhonar. Etter god opplæring av Henrik, fekk eg lov til å byrja å fiksa nye, fortel Erik.

Gjenbruk: Heilt sidan starten har dei drive miljøvenleg. Dei knuste skjermane blir sendt til ein kar i Moss som fiksar dei og gjer dei klare til ny bruk. – Faktisk får me 150 kroner per knuste skjerm me sender, fortel Henrik.

Fleire bein å stå på

Den gode utviklinga til bedrifta forklarer Henrik med tre viktige faktorar.

— At Erik vart med, var utruleg viktig. Berre på reparasjonar her i Os, stod han for vel 700.000 kroner av omsetninga i fjor. Butikken i Bodø står for 50 prosent av innteninga. I tillegg kjem sal av brukte mobilar.

Gutane har for lengst funne ut at ungdomen i dag skiftar mobil oftare enn dei skiftar truse.

— Det er ein enorm marknad for dette. Etter koronaen har me også fått mange reparasjonar på iPadar. Mange sit meir med dei i fanget enn før, så reiser dei seg og mister dei i golvet, og vipps, så har me eit nytt oppdrag.

— Etterspurnaden på reparasjon av mobilar er stor, men klarer de å ta unna for alle som vil ha hjelp?

— Ja, det må me. Hovudmottet vårt er service og tilgjengelegheit. Me har lært av brørne Sælen i Sælen Møbler. Service til alle døgnets tider, når folk treng det. Me har lært av dei og håpar å bli like flinke, smiler Henrik.

— Er det slik, Erik?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, ein må vera klar når folk treng hjelpa. For eige vedkomande har eg mest oppdrag i helgane. Då må ein berre trå til, smiler han.

— Her i kjellaren gjer Erik unna kring 35 oppdrag i månaden. Innsatsen hans er svært viktig for drifta, supplerer Henrik.

Litt rart: – Det er eigentleg litt rart at me er gode på dette med dei pølse-fingrane Erik og eg har, ler Henrik.

Butikk i kjellaren

Dei to-tre åra som bror Erik har vore med, har dei hatt butikk og verkstad i kjellaretasjen i barndomsheimen. På sikt kan det bli snakk om å leiga lokale.

— Av erfaring i Bodø veit eg at det er eit enormt vekstpotensialet med å få lokale i eit senter, men det er også dyrt å leiga slike plassar. Kanskje prøver me oss på noko slikt om ei stund, men det kan også vera me prøver andre former for ekspansjon, seier Henrik og smiler til bror Erik.

— Ja, me har snakka om å skaffa oss ein varebil med verkstad i, så kan eg køyra rundt og fiksa mobilar ute hos kundane, seier Erik.

— Det gjorde eg faktisk litt då eg budde heime i Os ein periode i 2018. Då såg eg kor mange det var som sette pris på eit slikt tilbod, seier Henrik.

Men planane er ikkje hogd i stein. Unge Erik har også fleire bein og stå på.

— Eg er framleis elev ved idrettslinja på Stend og har enno ikkje heilt teke stilling til om mobilfiksinga skal bli heiltidsjobb, eller noko eg skal gjera på si medan eg utdannar meg vidare. Men om me finn eigna lokale i Os, vil eg absolutt vurdera å starta ein butikk og gjera det til heiltidsjobb, seier 18-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Drøymer framleis om B/G

At Henrik kjem heim att til Os på permanent basis, er per dags dato lite truleg.

— Då eg kom opp att i 2015, møtte eg det draumedama. Me er sambuarar og skal gifta oss. Det kan sjå ut til at denne søftelendingen blir nordlending, ler han.

— Men fotballen då? Kva med draumen om å bli proff?

— Eg er berre 22 år. Eg har lov til å drøyma i endå nokre år. Eg var i Bodø/Glimt i nær fire år. Eg fekk ikkje proffkontrakt ved sist høve, men no spelar eg for Bodøs nest beste lag og håpar å ha såpass utvikling at eg kan bli interessant igjen for seriemeistrane.

— Du kjennar vel gullgutane godt?

— Ja, eg gjekk både i klasse og på skule med fleire av serievinnarane, og Vegard (Leikvoll Moberg) fiksa eg mobilen til her for ei stund sidan, humrar Henrik.