Ruteknusing på nedlagd barnehage fanga på film
Politiet var søndag ettermiddag på staden og snakka med nokre 14-15-åringar.
Like etter klokka 16 søndag melde politiet på Twitter om hærverk på nedlagde Søfteland barnehage.
Det skal mellom anna vera snakk om mange knuste ruter. Noko av det er filma av vitne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet var på staden og snakka med ein del ungdomar i 14-15-årsalderen.
I fylgje BT skal dei ha vedgått at det var dei som knuste rutene. Politiet skal også ha snakka med foreldra deira.
Det er Bjørnafjorden kommune som eig bygget. Dei vurderer no å melda forholdet.