Må redusera stigmaet og få fleire til å søkja hjelp: I handlingsplan for førebygging av sjølvmord vert det peika på at ein må auka kunnskapen om temaet i befolkninga, redusera stigmaet og få fleire til å søkja hjelp.

– Det er ein myte at det å snakka om sjølvmord kan oppmuntra til sjølvmord

Torsdag 28. april vert handlingsplan for førebygging av sjølvmord handsama av Bjørnafjorden formannskap.

Eitt av måla i handlingsplanen er trygg kommunikasjon kring sjølvmord.

Her går det mellom anna fram at å dela sjølvmordstankar kan vera livreddande.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein myte at det å snakka om sjølvmord kan oppmuntra til sjølvmord. Å auka openheita kring det å ha det vanskeleg, vera sårbar, og stilla spørsmål om sjølvmordsfare, kan redda liv, heiter det i planen.

For å få dette til, er det ifølgje planen trong for å auka kunnskapen om temaet i befolkninga, redusera stigmaet og dermed få fleire til å søkja hjelp.

Les også
Frontar kampanje mot sjølvmord: — Glad om mitt vesle bidrag kan bety noko

– Alle må visa kvarandre omsorg

I 2020 tok tre personar livet sitt i Bjørnafjorden. Det er langt færre enn i 2019 (9), men over snittet (2,12) dei siste 25 åra.

Mange var uroa for kva konsekvensar nedstenginga av samfunnet ville ha for den mentale helsa vår, og at sjølvmordstala for 2020 ville auka.

Tal frå Dødsårsaksregisteret viser ein nedgang i talet på sjølvmord i 2020 (639 personar) samanlikna med dei to føregåande åra (652 og 674 personar). Av dei 639 personane som tok livet sitt i 2020, er 73 prosent menn. Tala for 2021 kjem i juni.

I 2020 la regjeringa fram sin handlingsplan for førebygging av sjølvmord. Den nasjonale handlingsplanen er førande for dei tiltaka som Bjørnafjorden kommune ønskjer å prioritera. Planen har ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

– Handlingsplanen skal bidra til systematikk og heilskap i det eksisterande sjølvmordsførebyggjande arbeidet og peika på kva konkrete, nye tiltak Bjørnafjorden kommune skal prioritera, går det fram av forordet til planen.

Det er ikkje berre dei ulike hjelpetenestene som har eit ansvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å kunna fanga opp medmenneske som slit med sjølvmordstankar tidleg nok, krev det at vi alle viser kvarandre omsorg og har mot nok til å seia frå, tilby hjelp og setja ord på uroa når nokon signaliserer at dei slit, vert det påpeika.

Les også
Ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord er like om hjørnet

Vil oppretta ressursteam

Handlingsplanen er bygt opp omkring seks mål. Det første handlar om å skapa systematikk og heilskap i det førebyggjande arbeidet. For å sikra det vert det føreslått å oppretta eit tverrfagleg og koordinerande ressursteam.

Teamet skal bestå av kommunepsykolog og representantar frå psykisk helse- og rustenester (vaksne), familiens hus, psykososialt kriseteam, Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (LEVE), DPS, samfunnsutvikling og kultureininga, og oppgåva til teamet vil vera oppfølging, gjennomføring og evaluering av handlingsplanen.

– Teamet skal også halda seg oppdatert på fagkunnskap innanfor området, implementera regjeringa sin handlingsplan i kommunen og samarbeida med aktuelle nasjonale og regionale kompetansesenter og aktuelle, frivillige aktørar, heiter det.

Eitt anna viktig mål er å skaffa god hjelp og gode behandlingsløp for menneske med risiko for å begå sjølvmord.

Meir enn ein tredel av dei som døyr som følgje av sjølvmord har vore i kontakt med fastlegen den siste månaden før sjølvmordet. Meir enn 80 prosent har vore i kontakt med primærhelsetenesta.

– Tala syner at det på kommunalt nivå er eit stort potensial for å førebyggja sjølvmord ved å tilby riktige tenester.

Av tiltaka som vert føreslåtte, er å etablera rask psykisk helsehjelp, styrkja lågterskeltilbodet, «recovery»-orienterte tenester, digitale verktøy og auka kompetanse,

Artikkelen held fram under annonsen.

Langvarig oppfølging av etterlatne

Eitt fjerde mål er umiddelbar og langvarig oppfølging av etterlatne etter sjølvmord.

Årsaka er ikkje berre at etterlatne står i fare for å få fleire og langvarige belastingar som følgje av det som har hendt. Dei har også auka risiko for å sjølv å ta sitt eige liv.

– Mange etterlatne blir gåande i årevis, nokre resten av livet, med ubesvarte spørsmål knytt til kvifor det hendte.

I planen kan ein lesa at Universitetet i Bergen har utarbeidd retningslinjer for oppfølging av etterlatne både i akuttfasen og seinare, og at desse skal leggjast inn i flytskjemaet til det psykososiale kriseteamet.

– Akuttfasen med oppfølging av psykososialt kriseteam avsluttast som regel ei veke etter gravferda. Deretter bør kriseteam eller andre kommunale tenester tilby oppfølging gjennom det første året etter dødsfallet, heiter det.

Vidare vert det peika på at skule og barnehage er viktige arenaer for etterlatne barn, samt at også vener må vera omfatta av kommunale rutinar for oppfølging i enkelte tilfelle.

– Når unge menneske tek livet sitt, kan det ofte vera venenettverk der smitteeffekten aukar, heiter det.

Regjeringa vurderer standardiserte oppfølgingsløp for etterlatne etter sjølvmord. Av handlingsplanen går det fram at det psykososiale kriseteamet i Bjørnafjorden allereie er i gang med det arbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ressursar må prioriterast

Avslutningsvis, og under økonomiske vurderingar, skriv arbeidsgruppa at fleire av tiltaka i planen dreier seg om koordinering av aktivitet og strukturar som alt er etablerte, og at ein såleis ikkje legg opp til ein vesentleg auke i kostnader knytt til oppfølging av tiltaka.

– Men det må gjerast prioriteringar av ressursar innanfor einingane sine rammer for å nå måla i planen, vert det påpeika.

Vidare skriv ein at eit utvida og systematisert samarbeid mellom frivillige aktørar og kommunen vil vera særs viktig for å sikra god gjennomføring og oppfølging av tiltaka som er prioriterte.