107,5 kg på skuldrene: Under meisterskapen sette Andrea personleg rekord med heile 10 kg opp i knebøy.

NM var Andrea (17) sitt andre stemne: – Eg blei heilt utruleg overraska eigentleg

Andrea Berge frå Bergegrend blei noregsmeister i sin vektklasse.

I januar melde ho seg inn i klubb. I februar var det tid for sitt fyrste klubbstemne. Der kvalifiserte Andrea seg til noregsmeisterskap.

– Eg blei heilt utruleg overraska eigentleg. Ein blir jo veldig nervøs før eit løft, fordi det står kun på ein sjølv, men eg er veldig stolt over at eg klarte det, seier 17-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ting skjedde fort

På stemnet persa ho med totalt 15 kg då ho tok 107,5 kg i knebøy, 105 kg i markløft og 50 kg i benkpress. Som einaste deltakar i sin vektklasse, blei ho automatisk også noregsmeister og fekk førsteplass.

Det har verkeleg gått fort i svingane for Andrea denne våren.

– Ting skjedde veldig fort, men det er kanskje det som hjelper, for då rekk ein ikkje å tenkja så mykje. Eg er veldig glad for at eg turte, og at det gjekk så bra. Det blir mykje press på ein sjølv under slike stemne, med både mykje folk og live-stream.

– Det hjelper at vi har eit så godt miljø i idretten, kor alle heiar på alle. Alle er velkomne til styrkeløftmiljøet, uansett alder, kjønn, vekt, og om ein er erfaren eller uerfaren.

Frå start: Elianna Skåtun har vore trenaren til Andrea frå starten. Her er dei på NM i helga, Andrea med sin fyrste gullmedalje kring halsen.

Blei frelst

Det var trenaren hennar, Elianna, som introduserte Andrea for styrkeløft hausten 2020. Då starta ho å trena opp styrke og teknikk, før ho til slutt blei med i ein klubb i Askim.

– Eg har alltid likt å bruka styrken eg har i kroppen. Då Elianna viste meg styrkeløft, blei eg heilt frelst. Eg persa og maksa litt heime før eg i januar blei med i den same klubben som Elianna, slik at ho kunne trena meg.

I år var siste året til Andrea i ungdomsklassen. Neste år er det junior som ventar. 17-åringen har ingen planar om å roa ned tempoet framover.

– No er det å halda fram å jobba, setja nye personlege rekordar, og få deltatt på litt fleire stemne før eg går over til juniorklassen. Kanskje blir det også regionsmeisterskap på Austlandet ein gong etter sommaren, seier ein oppglødd styrkeløftar.