Andre gong: Fusa vgs gjekk til topps for andre gong i mixklassen.

Fusa vgs vann NM for andre gong i mixklassen

NM i volleyball for vidaregåande skular gjekk av stabelen i Ekeberghallen i Oslo 22.-24. april.

Fusa vgs gjekk til topps for andre gong i mixklassen, og kunne inkassera sitt tredje noregsmeisterskap totalt.

Laget bestod av Malin Kristiansen, Stine Våge, Alexandra Molina, Anna Djupvik, Solvår Skjelnes Gjuvsland, Henrik Nygård, Håvard Straumsnes og Patrick Ystaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er ein rapport frå heile laget:

Me synest det har vore utruleg kjekt å kunna delta på slike arrangement, også i tillegg å koma heim med GULL til Fusa vgs!

Det å ta gull med seg heim, var over all forventning! Me på laget hadde tulla med at målet vårt var å koma heim med medalje, men dette målet klarte me faktisk å oppnå!

Helga gjekk veldig fort og plutseleg var me i semifinalen. Då tenkte me at me måtte gjera ein god innsats og å prøva å koma oss til finalen, og det gjorde me!

Finalen var spennande og veldig nervepirrande. Me tapte første sett 22-25 mot NTG - Norges Toppidrettsgymnas som ligg i Tromsø. Deretter hadde me eit "comeback" og vann 2. settet 25-19 og 3. settet 15-9. Me vart så glade, og det gjekk ikkje opp for oss at me nettopp hadde tatt gull i NM!

Etter kampane har me spist mat saman og vert sosiale på romma våre. Alle spelarane er elevar på Fusa vgs, men me kjem frå ulike stader så me kjenner ikkje kvarandre så godt frå før. Ikkje alle på laget er saman på fritida og me spelar på ulike volleyball-lag vanlegvis. Men dette var ei helg der me har lært å spela med andre spelararar og blitt kjent med kvarandre både på og utanfor banen. Me har ikkje berre blitt meir kjend på laget, men også med andre lag som har deltatt.

Sosialt: Det å delta på slike arrangement er veldig sosialt og er ei eiga oppleving der ein kjem heim med ein god følelse.

Det å delta på slike arrangement er veldig sosialt og er ei eiga oppleving der ein kjem heim med ein god følelse, sjølv om ein ikkje har vunne, og sjølvsagt nye vener.

Alt i alt har dette vore ei kjekk helg med masse god speling og samarbeid saman med laget, og me er veldig fornøyde med innsatsen vår!