Nye krav: Alle kommunar i Norge har fått eit heilt spesielt ansvar for å følge opp kvar enkelt kreftpasient.

Vil Bjørnafjorden gå foran med betre kreftomsorg?

Kreftforeningen får ofte meldingar frå kreftpasientar at dei kjenner seg åleine og overlatne til seg sjølve når dei kjem heim frå sjukehuset etter endt behandling.

Det kan vere mange spørsmål og tankar som melder seg, og nokre kan kjenne på ei uro over vegen vidare.

Kva gjer eg no? Kven kan hjelpe meg? Kva rettar har eg? Kven kan hjelpe i møtet med NAV? Treng eg fysioterapi, og korleis finne dette? Kan eg få gode ernæringsråd eller hjelp til trening nokon stad?

Artikkelen held fram under annonsen.

Når kvardagen kjem

Anita Ustun har hatt brystkreft og er berre ein av mange som har kjent på den store frustrasjonen når sjukehuset har slept deg. «Du er takksam etter å ha mottatt kanskje verdas beste kreftbehandling. Samstundes er det ingen som har ansvar for å følge opp korleis det går med deg når du kjem heim.

For kreftbehandling påverkar heile kroppen – også heile familien. Det er ikkje alltid like lett å komme tilbake til livet slik det var. På grunn av seinskadar og følgjer av kreftbehandlinga, kan arbeidsoppgåvene kjennest vanskelegare og kvardagen tyngre».

Slik skal det ikkje vere, men no skal vi snart få ei løysing. Pakkeforløp heim blei innført av regjeringa ved årsskiftet 2021/22, og skal gjere vegen tilbake til kvardagen litt enklare for kreftpasientar.

Oppgåva til Bjørnafjorden og alle andre kommunar, er eigentlig ganske klar: No skal alle kreftpasientar som er busette i kommunen, og ferdig med sjukehusbehandling, bli sett, spurt og følgd opp skikkeleg. Kommunen skal invitere pasienten til ein samtale, kartlegge kva behov pasienten har, følgje opp – og gje svar på korleis kommunen kan bidra til at pasienten kan få den hjelpa og støtta ein treng for å komme mest mogleg tilbake i sitt eige liv.

Nokon må gå foran

Nokre oppgåver kan kommunen løyse, andre tilbod kan frivillige organisasjonar bistå kommunen med.

Kreftforeningens Temakafé eller rettshjelp-tenesta på Vardesenteret kan vere eksempel på tilbod som er gratis, både for kommune og pasient. I tillegg finst det ei rekkje andre tilbod som vil gje viktig støtte og hjelp på vegen tilbake etter kreftsjukdom.

Bjørnafjorden kommune gjer mykje bra innan kreftomsorg allereie, blant anna med sine dyktige kreftkoordinator. No håpar vi at Bjørnafjorden kommune og vil følgje opp pakkeforløp heim, slik at kreftpasientar får tilbod om den kartlegginga som det blir lagt opp til i det nye pakkeforløpet, og vidare at ein får dei tilboda dei treng frå kommunen. Her har både politikarar og helse- og omsorgsleiar i kommunen eit stort ansvar.

Pakkeforløp heim for kreftpasientar vil gje ein betre kommune å bu i for dei som blir kreftssjuke og deira pårørande, det vil gje ei betre kreftomsorg, ein friskare og meir nøgd befolkning som klarar seg betre – og truleg har behov for mindre behandling og oppfølging på sikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pakkeforløp hjem gir ei meir systematisk og personleg oppfølging som vil gje ei langt betre kreftomsorg, og sjukefråvær kan bli redusert og fleire kan stå i jobb eller meistre eigen sjukdom i alderdommen.

Geir Vangsnes

Distriktsleiar

Kreftforeningen Vestland