Ny barnehage: Slik såg det ut på byggjeplassen i Brakabygda for litt over ei veke sidan.

Her skal ein ny barnehage stå klar til barnehageåret startar i 2023

– Arbeidet går greitt, opplyser prosjektsjef i Bjørnafjorden kommune, Grete Nesheim.

På nyåret flytta borna i Jettegryto barnehage inn i mellombels lokale i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen. Deretter vart Jettegryto barnehage rive.

Då Os og Fusaposten var på staden i slutten av juni, var grunnmuren til den nye barnehagen komen på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går ganske greitt. Entreprenøren har starta opp med grunnarbeidet. Planen er at barnehagen skal vera ferdig sommaren 2023, slik at han kan takast i bruk til barnehageåret startar i august, fortel prosjektsjefen.

Jettegryto barnehage skal byggjast med fire avdelingar og 96 storbarnsekvivalentar. Prosjektet har ei ramme på 48 millionar kroner. Det er Leigland Bygg som står for bygginga av barnehagen, slik det også var tilfelle då den førre barnehagen vart bygt på starten av 1990-talet.

Skisse: Slik ser teikningane av den nye barnehagen ut. Barnehagen har eit areal på om lag 950 kvadratmeter.
Les også
Med nokre enkle grep blei ungdomsskulen til barnehage
Les også
– Ein byrjar å verta gamal når ein riv sine eigne bygg