Regn: På det verste kan det regna opp mot 15 mm i timen i løpet av morgondagen.

Styrtregn i vente: No skal vassmagasina fyllast

Det er meldt styrtregn over Vestlandet torsdag, men det spørst om det får nokon konsekvensar for straumprisen.

Meteorologisk institutt melder styrtregn i Vestland fylke i morgon (torsdag). På det meste er det venta inntil 15 mm nedbør i timen.

At det skal regna mykje, er me godt vane med på Vestlandet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— No kan de i alle høve trøysta dykk med at vassmagasina blir fylte opp. Spesielt i ytre strøk vil det regna kraftig og lenge, seier meteorolog Julie Solvsik Vågane.

Bjørnafjorden kan gå klar nokre av dei verste bygene.

— Det blir aller verst nord for Bergen. Sør for Bergen kjem dei kraftigaste bygene i ytre strøk. I indre strøk, som i gamle Fusa kommune, vil det truleg bli ein meir normal nedbørsdag, seier Vågane.

Lys i tunnelen

I løpet av torsdag og fredag kan det koma opp imot 80 mm regn på enkelte plassar i fylket. Frå fredag ettermiddag vil det roa seg.

— Då får me inn ein heilt annan vêrtype. Ut på fredagen blir det opphald og til dels pent vêr. Slik blir det også gjennom helga, fortel Vågane.

— Sommarvêr igjen?

— Nja. Det blir fint, opphald og til dels sol, men hausten er i anmarsj. Med nordvestlig vind blir det kaldare luftdrag. Truleg vil temperaturen liggja kring 15 gradar gjennom helga, seier meteorologen.