Opna: Sissel Holdhus (92) skar over bandet med skikkeleg fjellkniv og erklærte hytta for opna.

Tinahytto er blitt ei perle inne ved Botnavatnet. Sissel (92) fekk æra av å «klippa» snora

Endeleg kom dagen for den offisielle opninga av den nyrestaurerte Tinahytto.

Me hadde dato og planane klar for nokre veker sidan, men på grunn av dårlege vêrmeldingar, vart opninga utsett. Den dagen skein sola, men turen var allereie avlyst.

No, laurdag 17. september, satsa me igjen. Denne dagen var det meldt fint vêr. Helikopter som skulle frakta eit par av dei viktigaste gjestene, vart bestilt på ny. Men vêrprofetane klarte dessverre lura oss igjen - regn allereie frå tidleg morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men no var alt klart. Med Leiv Rød, dugnadssjefen, som kjentmann, tok dei første fjellvandrarane avstad frå parkeringsplassen kl 9.30. Helikopteret hadde avgang frå Holdhus kl 12.

Håpet var at vêret skulle letta, men for dei som gjekk turen, var det heller vått. Godt var det då at Arne Rød, sagmeisteren, hadde gått opp tidlegare og fyrt opp i omnen. Ca 30 personar var med denne dagen.

Medan me venta og varma oss inne i hytta, fortalde Leiv om historia til hytta som vart sett opp kring 1930 av Ingjald, John og Bård Håland. Ingjald Håland vart seinare teatersjef ved Det Norske Teater i Oslo.

Flagget til topps: Flagget var heist under opninga.

Taket på hytta raste saman ein gong rundt 1950. Mange som har gått forbi har nok tykt det var synd at ingen har teke tak i denne hytta med så mykje historie i og fått bygd ho opp att. No har det skjedd.

Hytta er blitt ei perle inne ved Botnavatnet. Ho har blitt oppdatert med bord, benker, hems og ny, god omn. Dette er blitt ei flott dagsturhytte som alle kan nytta seg av. Håpet er at turgåarar i fjellet kan stiga inn her, nyta nista og ikkje minst stilla og ro. Sjølvsagt er det at alle forlèt hytta ryddig og at boss blir med heim i sekken.

Dagstur: Tinahytto er blitt ei flott dagsturhytte som alle kan nytta seg av.

Ca 150 meter bortom hytta er ein av fly-sleppa under krigen. Jan Solvang fortalde om desse flysleppa og om nokre av karane som var aktive i motstandsarbeidet medan me venta på helikopteret. Då me endeleg såg den “store fuglen” kom over fjellkanten, kom alle seg ut av hytta for å ta i mot to andre viktige personar i denne samanheng.

Harald Bjørndal er god til å “tigga” pengar, noko han hadde gjort no og. Heile 120.000 kroner vart gjeve som gåver frå Eide Fjordbruk, SKL, Tombre Fiskeanlegg, Bjørnefjorden utbygging, Harald Bjørndal AS og Bygdautvalet i Hålandsdalen. Tusen takk til dei. Utan desse pengane hadde ikkje denne restaureringa vore mogeleg.

Den andre gjesten, hovudgjesten, var Sissel Holdhus, 92 år 19. september. Ho er barnebarnet til Ingjald Håland. Ho hadde gledd seg i langsameleg tid til denne turen og opninga. Ho hadde tidlegare blitt lova av ein kar at han skulle bera ho opp. Anten motet hans svikta eller kva, så vart ikkje det. Ho kom standsmessig med helikopter. Med på lasset var òg ei diger blautkake og kaffi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helikopter: To av gjestene hadde fått helikopter-transport.
Luftvegen: Sissel Holdhus (92) og Harald Bjørndal kom luftvegen.

Aksel Henning Holdhus hadde og med seg ein stor lur, så fanfare under snorklyppinga var sikra. Dermed vart det raude silkebandet strekt utanfor hyttedøra, Sissel skar over bandet med skikkeleg fjellkniv og erklærte hytta for opna. Det gjorde ho med å lesa opp eit dikt ho hadde skrive. Diktet var skrive ned på eit flott maleri over Botnavatnet måla av Åge Rød. Dette biletet skal hengja i hytta slik at alle som kjem på besøk kan få sjå det.

Dikt: Sissels dikt var skrive ned på eit flott maleri over Botnavatnet måla av Åge Rød.
Oppvarma hytte: Kake og kaffi i oppvarma hytte.
Kake: Kake høyrer med på ei slik markering.

Då er det berre å takka alle som har vore engasjerte med prosjektet og stilt opp til dugnad, ikkje minst Leiv og Arne Rød, og Rolf Haugarvold som saman med tre grunneigarar har bidrege med tømmer.

Arne hadde skore tømmeret og felt i saman slik at alt var klart til å setjast saman på byggjeplassen. Det vart sju lift med helikopter, og på fem timar hadde dugnadsfolka tett tak. Godt jobba!

For dei som lurer, tek turen 1,5 til 2 timar i normal gange. Her er det gode moglegheiter for ein flott dagstur. God tur!

Olaug Bjørndal

Dugnad og støtte: Restaureringa er blitt til med stor dugnadsinnsats og støtte frå lokale verksemder.