Strategi: I ei sak om hjortevilt-strategi for Bergen, Os og Samnanger, er Ettersøksringen spurt om deira inntrykk av hjortestamma i dei tre områda.

Har merka endring spesielt dei siste åra: - Det skaper sjølvsagt problem for enkelte

Ettersøksringen har delt sine tankar om hjortestamma i Os, Bergen og Samnanger.

I ei sak om hjortevilt-strategi for Bergen, Os og Samnanger, er Ettersøksringen spurt om deira inntrykk av hjortestamma i dei tre områda, og korvidt denne er aukande eller minkande.

– Inntrykket er todelt. I enkelte område i Samnanger og tidlegare Os kommune har det vore ein nedgang i talet påkøyrslar, medan frekvensen av påkøyrslar aukar andre stader. Det er vanskeleg å trekkja bastante slutningar om korvidt stamma aukar eller om ho er nokolunde stabil, skriv Ettersøksringen i eit brev til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det dei uansett har merka seg dei siste åra, er at mange dyr trekkjer inn i bustadområde.

– Følgjeleg kan det tilsynelatande verka som det er fleire hjortar enn tidlegare. Dette skaper sjølvsagt problem for enkelte. Nokre vert utrygge, og ikkje minst gjev det utfordringar for dei som har planter, frukt og bærtre i hagane.

Ettersøksringen kjem samstundes med ei oppmoding til kommunane om å jobba inn mot Statens vegvesen for å få på plass blinkande varsellys på stader der det er mykje hjort som kryssar vegen.

– Dette gjeld særleg frå sørsida på Tyssetunnelen og oppover mot Sævill, men det er også strekningar i gamle Os kommune der det bør vurderast varsellys, meiner Ettersøksringen.